- Publisert 15.12.08
Landbruksvikar er no tilsett i Masfjorden kommune. Den nye landbruksvikaren heiter Torstein Skuggedal. Han er 23 år, odelsgut, og oppvaksen på gard med mjølkeproduksjon. Han er omgjengeleg og villeg til å arbeide. Han vil i tillegg til å vere landbruksvikar i 50 % stilling, stille opp for diverse oppdrag både i og utanfor fjøset.
Alle bøndene i kommunen har same rett til å nytte landbruksvikar, enten dei er medlem i laget eller ikkje.
YSSL meiner at vi med dette har eit godt tilbod til bøndene i Masfjorden kommune.
Sjukdomsavløysing skal sjølvsagt prioriterast! Men det er viktig at de bruker landbruksvikaren framover også til andre oppdrag, det vere seg vanleg avløysing eller andre oppgåve. På den måten er de med på å sikre dykkar eigen beredskap.
Det vil koste kr 1030 pr dag å bruke avløysaren.
For å tinge landbruksvikaren, ring
YSSL sitt kontor 57 73 02 00
Utanom kontortid 94 15 20 22
Både for deg som bonde og for oss er den nye landbruksvikarordninga ei spennande og viktig utfordring. Her har begge partar eit ansvar og ein jobb som skal gjerast, samarbeid er stikkordet for å lukkast.
Tekst: Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester (YSSL)
v/Hildegunn Arnstein og Guri Frøholm
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen