Beredskapsplanen (pdf) for Masfjorden kommune
Øvings- og tilsynsplan (pdf) haust og vinter 2008 - 2009
Informasjon om kva reglar som gjeld
Kommunane Solund, Gulen, Modalen og Masfjorden har gått saman og tilsett 1 feiar i 100 % stilling. Gulen kommune administrerte ordninga fram til sommaren 2007, så Torbjørn Jenseth slutta i stillinga. Masfjorden kommune overtok å administrere ordninga då Morten Flaterås vart tilsett først i eit vikariat og seinar i fast stilling.
I år 2007 har alle hustander i Masfjorden fått tilbod å tilsyn med fyringsanlegg, slokkemidlar og røykvarslar. I år 2008 vil alle hustandane i kommunen få tilbod om feiing.
Feiing / brannsynsgebyret er i år 2008 fastsett til kr. 350,- inkl mva. Ein betaler same beløp kvart år uavhenging om det er feiing eller tilsyn som vert utført.
Det er i dag 660 piper i kommunen.
Lenke til SINTEF si side for godkjente røykvarslarar og godkjente eldstader.
Brannvernet i kommunen er organisert slik:
Brannsjef i 9 % stilling: Olaf Mørch
Varabrannsjef: vakant
Beredskapsleiar i 9 % stilling: Olaf Mørch
Nordhordland og Gulen Interkommunale Brannførebyggjande Avdeling (NGIB) har ansvar for brannsyn når det gjeld særskilde brannobjekt og anna brannførebyggjande arbeid.
Kommunen har i 3 brannstasjon med 1 utrykkingsleiar og 2 nk på kvar
stasjon:
- Sandnes brannstasjon - konst. utrykkingsleiar: Gustav Sletten
- Matre brannstasjon - konst. utrykkingsleiar: Harald Matre
- Duesund brannstasjon - utrykkingsleiar: Rune Frode Bøe
Brannkorpset i kommunen er samansett av 10 - 12 brannmenn på
kvar stasjon. Alle brannmenn går med lommemottakar når
dei er i kommunen eller like ved kommunegrensene. Ved brann / ulukker
vil alle då få same meldinga, slik at kommunen er sikra
rask utrykking
Tekst: Olaf Mørch
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen