MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 08.07.09 -

NAV Masfjorden - Sosialtenesta

 

Frå 11. desember 2008 er sosialtenesta lagt til NAV Masfjorden sine lokaler i Nordbygda Senter.  Dei er ein stab på tre personar; med leiar og to konsulentar.

 

Sosialtenesta sitt ansvar og arbeidsoppgåver går fram av ”Lov om sosiale tenester”. Oppgåva er å gje hjelp til innbyggarane i kommunen i samband med:

 

Råd og rettleiing
Sosialtenesta skal gje opplysningar, råd og rettleiing som kan vera med på å førebyggja eller løyse sosiale problem.  I mange tilfeller vil sosialtenesta tilvise vidare til ein annan instans for hjelp eller utfyllande rettleiing.

 

Områda for råd og rettleiing kan vere:
- Familie- og samlivsvanskar
- Økonomiske problem
- Gjeldsrettleiing
- Rus problem
- Arbeidslediggang
- Bustadspørsmål
- Psykiske problem
- Trygdespørsmål
- Utdanningsspørsmål

 

Økonomisk sosialhjelp
Sosialhjelp kan bli gjeve til den som ikkje er i stand til å syta for sitt livsopphald (jf. sosialtenestelova §5-1), eller i særlege tilfelle til den som treng hjelp til å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon (jf. Sosialtenestelova §5-2).

 

Før ein kan få økonomisk sosialhjelp må ein ha prøvd alle andre måtar til å sørgje for sitt livsopphald.  Dette gjeld for eksempel løna arbeid, sysselsetting- eller opplæringstiltak, trygdeytingar, studielån, bruk av formue eller sal av formuesgjenstandar, eller ved reduksjon av utgifter.

Hjelp ein får frå sosialtenesta skal ta sikte på at ein blir sjølvhjelpen.  Ofte blir økonomisk hjelp gjeve i kombinasjon med rettleiing og fastsetjing av vilkår.

 

Sosialhjelpa sin storleik
Sosialtenesta følgjer vedtekne rettleiande satsar for sosialhjelp til livsopphald.  Desse satsane varierer blant anna i høve til kor stor husstanden er.  Sosialhjelpssatsane gjev eit minstenivå for å dekka naudsynte utgifter til livsopphald. Det kan utbetalast heil eller delvis sosialhjelp avhengig av om inntekta er mangelfull eller utilstrekkeleg.

 

Kva for utgifter kan dekkjast?

 

Livsopphald:
Rettleiinga for livsopphald skal dekkje alle vanlege daglege utgifter som blant anna

- Mat
- Hushaldnings- og hygiene utgifter
- Samferdselsutgifter
- Aviser
- TV-lisens
- Fritidsaktiviteter

 

Utgifter til bustad:
Husleiga vert dekt innanfor retningslinene vedteke i kommunestyret.  Utgiftene til eigen bustad (avdrag/renter/kommunale avgifter) vert ikkje dekt dersom dei går ut over rammene for dekking av utgifter til strøm og evt. utgifter til ved/olje.

 

I tillegg kan det gis stønad til utgifter som:
- Nødvendig tannbehandling
- Større utgifter til legekonsultasjon/medisinar
- Brille
- Samferdselsutgifter i samband med skule- eller arbeidsreiser
- Samværsordningar med barn

 

I særlege tilhøve kan det også gje hjelp til andre formål for å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon.

 

Sakshandsaming

 

Korleis søkjer ein om sosialhjelp?
Det må søkjast skriftleg om sosialhjelp.  Søknadsskjema og evt. hjelp til utfylling kan du få ved å ringe sosialtenesta eller oppsøkje kontoret. 

 

Søknader må vere fullstendig utfylt og dokumentert.
Sosialtenesta har plikt til å sikre at ein søknad blir så godt opplyst som mogleg, d.v.s. gjera naudsynte undersøkingar av behovet for hjelp og søkjar sine framtidsutsikter til å klare seg sjølv.  Den som søkjer om sosialhjelp har difor plikt til å gje opplysningar som er naudsynte for at sosialtenesta skal kunne handsama saka.

 

Søknaden skal fyllast ut så fullstendig som mogleg, og det må leggjast ved dokumentasjon på at opplysningane om inntekt, utgifter, gjeld og formue stemmer.  Dersom det er tvil om kva opplysningar som er nødvendig, ta kontakt med sosialtenesta. Ufullstendig utfylte og mangelfullt dokumenterte søknader fører til at sakshandsaminga tek lenger tid.

 

Kontroll av opplysningar.
Ved gjennomgang av søknaden vil sosialtenesta  kontrollera opplysningane mot vedlagt dokumentasjon.  Sosialtenesta kan og kontrollere opplysningane mot offentlege register som:
- Folkeregisteret
- Bustønad
- A-etaten
- Trygderegister
- Likningskontor
- Bilregister

 

Sakshandsamingstida.
Søknaden må sendast sosialtenesta i god tid, dersom dette er mogleg.  Søknaden skal vere handsama innan 3 veker etter at fullstendig utfylt og dokumentert søknad er motteke.  Derfor er det viktig at all dokumentasjon sosialtenesta krev blir lagt ved.

I akutte nødssituasjonar kan søknaden bli vurdert seinast innan utgongen av neste dag.  Også i slike situasjonen krev sosialtenesta ein skriftleg søknad..

 

Vedtak.
Alle som søkjer om sosialhjelp får skriftleg svar om kva vedtak som er gjort.

 

Plikt til å melde endringar.
Når ein tek i mot sosialhjelp, skal ein straks gje melding til sosialtenesta om endring i høve til ekteskap, bufellesskap og fast opphaldsstad. Det same gjeld alle endringar i høve til inntekt, trygd, formue, arv, erstatning, samt innvilga studielån/stipend.  Slike endringar vil ha innverknad for fastsetjing av sosialhjelpen.  Det kan medføra straffeansvar ikkje å gje slike opplysningar.

 

Vilkår.
Det kan setjast vilkår for å få innvilga økonomisk sosialhjelp.  Slike vilkår skal ha nær samanheng med innhaldet i vedtaket.  For eksempel vil ein person som er arbeidsfør og utan inntekt, få krav om å vere aktivt arbeidssøkjande og ta imot tilbod som blir gjeve frå a-etat.

 

Klage på vedtak.
Ein har rett til å klage på sosialtenesta sitt vedtak.  Fylkesmannen i Hordaland er klageinstans, men klagen skal sendast til sosialtenesta.  Dersom sosialtenesta ved ei ny gjennomgong av saka ikkje finn grunn til å gjere om vedtaket, skal klagen automatisk sendast vidare til Fylkesmannen.

Klagefristen er normalt 3 veker frå det skriftlege vedtaket er motteke.  Sosialtenesta kan hjelpe til med å setje opp klagen.

 

Innsynsrett.
Alle har rett til å sjå dokumenter i si eiga sak.  Det er nokre få unntak frå denne retten.  Dette vil ein få opplysning om ved å vende seg til sosialtenesta.

 

Teieplikt.
Alle tilsette i sosialtenesta har teieplikt.  Dette inneber at dei ikkje kan gje opplysningar til utanforståande om personlege tilhøve hjå brukaren, med mindre det er gjeve samtykkje.

 

Anna hjelp frå sosialtenesta.
Sosialtenesta har også ansvar for andre hjelpetiltak.  Dette gjeld i fyrste rekkje tenester som støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem.  Avlastingstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

 

Tiltak overfor rusmiddelbrukarar.
Sosialtenesta kan gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak hjelpa den enkelte til å kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel.

 

Nærare opplysningar om kva desse tenestene inneber, og i kva situasjonar dei kan bli gjeve, kan de få ved å venda dykk til sosialtenesta i Masfjorden kommune.

 

Sosial- og helsedepartementet har gjeve ut ei brukarrettleiing om økonomisk sosialhjelp etter ”Lov om sosialtenester”. Den heiter ”Når alt anna er prøvd”.

Denne kan du få hos alle sosialtenester rundt om i landet.

 

 

 

 

Tekst: Britt J. Eriksen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen