MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 08.07.09 -

Litt om det formelle skiljet mellom ein aldersheim og ein sjukeheim

- Publisert 25.01.05

 

Den nye sjukeheimen skal kun vera ein sjukeheim, medan den gamle hadde tittelen alders- og sjukeheim.

 

Ein aldersheim er knytt opp mot regelverket til sosialtenestelova, medan ein sjukeheim er knytta opp mot regelverket til kommunehelsetenestelova. Det er såleis ulike formelle krav til desse institusjonane.
Fylkesmannen har tilsyn med ein aldersheim, medan fylkeslegen har tilsyn med ein sjukeheim.
Den gamle alders- og sjukeheimen hadde altså to tilsynsfunksjonar medan den nye berre har ein.

 

Ein aldersheim skal vera eit sosialt tilbod for mindre pleietrengande pasientar og ikkje for folk som treng tung pleie og tilsyn.

 

Den gamle alders- og sjukeheimen blei i realiteten driven som ein sjukeheim fordi alle pasientane også hadde behov for pleie.

 

Den nye sjukeheimen har også ein korttidsavdeling med 4 plassar, der folk kan reisa heim når dei er friske.

 

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen