MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.11.11 -

NAV Masfjorden - Dei kommunale tenestene

 

Den kommunale sosialtenesta vart innlemma i NAV Masfjorden frå opninga av kontoret 16.12.2008, og er framleis ei kommunal teneste.

 

Dei kommunale tenestene på NAV omfattar:
• Råd og rettleiing
• Økonomisk sosialhjelp
• Støttekontakt
• Avlastning
• Særleg tiltak rus
• Brukarstyrt Personleg Assistent
• Bustad til vanskelegstilte
• Tenester frå Husbanken (bustønad)
• Gjeldsrådgjeving/Økonomirådstelefonen i NAV
• Introduksjonsprogrammet
• Kvalifiseringsprogrammet
• Parkeringstillatelse for forflytningshemma
• Fylgjekort for funksjonshemma

 

Ved NAV kontoret skal brukarane møte integrerte tenester, der tilsette frå statleg og kommunal forvaltning arbeider saman for å finne løysingar for brukarane saman med brukarane.

 

Lokale mål for NAV Masfjorden ;

• Brukarane skal bli møtt med respekt, og oppleve god service hos NAV Masfjorden
Brukar skal vere aktiv i prosess med eigen sak.
• NAV skal arbeide for å få fleire i arbeid og aktivitet,og færre på stønad
• NAV skal tilby tenester som skal opplevast som enklare og tilpassa brukaren sitt behov.
• Utvikle ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning; dvs etablere eit godt samarbeid med næringsliv og arbeidsgjevarar i kommunen for å sikre tilgang på arbeids- og praksisplassar, og samtidig bistå arbeidsgjevarar med rekruttering av ny arbeidskraft og med støtte i sjukefråværsarbeidet.

 

 

 

 

Tekst: Wenche Midthun

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen