Du kan sjølv gjera oppslag på kven du har til fastlege, og finna viktig informasjon om alle fastlegane i landet. I tillegg kan du byta fastlege samt melda deg inn eller ut av ordninga, heilt uavhengig av opningstidene til fastlegekontoret.
Gjennom MinFastlege kan alle innbyggarane sjå kven dei har som fastlege. Innbyggarar over 16 år kan også byta fastlege for seg og eigne barn under 16 år. I tillegg kan dei melda seg inn i eller ut av fastlegeordninga.
Innbyggarar som ikkje ynskjer å nytta internettløysinga, MinFastlege, kan reservera seg. Desse må ta kontakt med fastlegekontoret i sitt fylke, som vil aktivera reservasjonen. Ein slik reservasjon kan seinare deaktiverast.
Innbyggarar som reserverer seg kan likevel bruka løysinga til
oppslag for å finna informasjon om fastlegane.
På www.helfo.no finn du også anna informasjon om fastlegeordninga
Tekst: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen