MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.02.12 -

Påmelding til Masfjorden kulturskule

 

Skuleåret 2012-2013

 

No er det tid for å melda seg på til nytt undervisningsår i kulturskulen.
Fristen for påmelding er sett til 1. april 2012

  • Alle tilboda gjeld elevar frå og med 3. klasse.
  • Dei som allereie er elevar i kulturskulen treng ikkje melda seg på nytt, med mindre dei ønskjer å delta på andre kurs.
  • Dersom ein ikkje ønskjer å fortsetja med det kurset ein har dette skuleåret, ein melda seg av skriftleg til kulturskulen.
  • Påmeldinga gjeld for heile skuleåret, og dersom ein ønskjer å slutta midt i året, må ein likevel betala for påbegynt semester.
  • Utmeldingsfristar er 1. april for haustsemester og 1. november for vårsemester.
  • Alle får i utgangspunktet undervisning ein gong i veka, dei fleste i grupper.
  • Har du ønskje om kurstilbod som ikkje står på lista kan du føra det opp under ”merknader” på påmeldingsskjemaet, kanskje me kan få til noko? Viss ikkje veit me i alle høve at interessa er der og kan gjera noko med det til seinare år.
  • Elevar som melder seg på samspelkurs og band, vert oppmoda om å diskutera påmelding med aktuelle medmusikantar.
  • Elevar som søkjer, må ordna med eigne instrument til å spela på heime, unntaket er skulekorpsaspirantar, då desse får låna korpsinstrument.
  • Teikne/malekurset går som komprimert kurs med undervisningskveldar i perioden oktober-mars.
  • Elevane må sjølv dekka innkjøp av naudsynt opplæringsmateriell (notar, teikneutstyr etc.). Dette vert betalt saman med kurspengane to gonger i året (haust/vår).

Skulepengar for året 2012/13 er 2000 kroner. Det vert gjeve 33,3% søskenrabatt. Dersom ein elev deltek på fleire kurs, gjeld moderasjonsordninga berre det fyrste kurset.

-------------

Me ber om at de melder dykk på elektronisk til denne adressa:

skjema.kf.no/musikk-/kulturskule

Ta kontakt med kulturskulen dersom du har spørsmål knytt til kurstilbod eller sjølve påmeldinga.

E-postadresse

 

Påmeldingsskjema

 

Kryss av, merk prioritet med tal dersom du søkjer på fleire kurs:

 

Piano
Keyboard
Trekkspel / Torader
Hardingfele
Song
Teikning
Messing
Messing, samspelgruppe

Gitar
El. gitar
El. bass
Slagverk
Pop/rockeband, samspel
Messingaspirant til skulekorpsa
Slagverksaspirant til skulekorps

Studio
Ev. andre ønskje

 

For skuleåret 2012-2013 vil kulturskulen halda helge/intensivkurs innan bandsamspel og dans.
Kursa vert kunngjort i forkant , med eiga påmelding.

 

Namn:
Adresse:
Tlf:
Klassetrinn
hausten 2012:
Søsken som søkjer om plass i Kulturskulen:
Underskrift
av forsytar:
Merknad:

 

 

Tekst: Kulturskulen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen