
Masfjorden kommunale musikkskule vart skipa i 1979. Skulen skifta i 1999 namn til musikk- og kulturskule og i 2004 fekk han namnet Masfjorden kulturskule.
Kulturskulen gjev i dag undervisningstilbod på tangentinstrument, strengeinstrument, messinginstrument, slagverksinstrument, song, torader, teikning og til ulike samspelgrupper( band, ensemble). I tillegg tilbyr ein kortkurs innan dans. Kulturskulen sel i tillegg tenester til lag og organisasjonar i kommunen.
Kulturskulen har eit nært og godt samarbeid med grunnskulane i Masfjorden, der ein særleg samarbeider om sceniske oppsetjingar og andre konsertar. Fleire av lærarane i kulturskulen arbeider i kombinasjons-stillingar med grunnskulane.
Elevopptak vert gjort om våren, med søknadsfrist 1.april. Her finn du søknadsskjema.
Ein har dei siste åra hatt om lag 175 elevplassar, og me har ingen venteliste. All aktivitet i kulturskulen utgjer om lag 4 årsverk.
Spørsmål som gjeld kulturskulen kan du retta til rektor Frank Kvinge på telefon:
56166246 - E-post
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen