MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 20.04.10 -

Masfjorden kulturskule

 

Kontortid: Tysdag, onsdag og fredag 08.00-13.00. Mobiltelefon: 97 06 12 30.

 

Generell informasjon Påmelding Dirigenttenester (pdf)

 

186 elevar som har søkt om plass i kulturskulen i år. Dette er rekordstor påmelding. Ein vil prøva å gjera alt for at alle skal få eit best mogleg tilbod.

 

Lære/notemateriell kjøper ein sjølv etter avtale med lærar. Betaling vert krevd inn saman med kontingenten, og ev. ved slutten av skuleåret.

 

Undervisninga følgjer skuleruta, dvs. at det ikkje er  kulturskuleundervisning når grunnskulen har fri. På første øvingstime får du halvårsplan som viser når du skal møta. Undervisninga i hausthalvåret går frå veke  35-50, vårhalvåret frå veke 1- 24. I tillegg til vanleg undervisning vert det og ein del speleoppdrag  som t.d. elevkonsertar, skulekonsertar, lokale tilstellingar, turne, institusjonsbesøk, og kurstilbod. Dette får du melding om etterkvart hjå læraren din/ på halvårsplanen.

 

Kurskontingenten er no redusert frå 2000 til kr. 1800 pr. år. Søskenmoderasjon er 33,3%. Dersom ein elev deltek på fleire kurs gjeld berre moderasjonen det første kurset. Kontingentinnkrevjinga skjer gjennom kommunekassen to gongar i året – oktober og mars.

 

Dersom du av ein eller annan grunn må slutta kurset, må du likevel betala for heile skuleåret – sjukdom eller fråflytting unnateke. All oppseiing av skuleplassen skal skje skriftleg til kulturskulen v/rektor.

 

Kan du ikkje koma til undervisningstime, må du gje melding til lærar. Du har ikkje krav på å få igjen timen om du uteblir frå undervisning. Avtalar kan gjerast om det passar for læraren.

Du må ha instrument til å spela på heime.

 

Dei fleste av dykk har undervisning kvar veke- nokre annakvar veke. For at du skal få mest mogleg ut av tilbodet, er det viktig at du spelar/øver litt kvar dag.

 

Det er den daglege øvinga som gjer at du meistrar. Di meir du øver- di meir får du til- di kjekkare vert det å halda på med kulturskuleaktiviteten!

 

 

 

Tekst: Kulturskulerektor Frank Kvinge

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen