MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.02.12 -

Masfjorden kulturskule

 

Generell informasjon Påmelding Draumestipendet (frist 15.02.) Dirigenttenester (pdf)
Aktivitetskalender Lærarar Rockeseminar (pdf) (frist 16.03.)  

 

Instruksjon i dans på Matre skule

 

Kontortid: Mandag - torsdag kl. 09.00-14.00. Mobiltelefon: 97 06 12 30.

 

I år er det om lag 175 elevar som får tilbod i Kulturskulen. Ein har prøvd å gjera alt for at alle skal få eit best mogleg tilbod utifrå disponible ressursar. Nesten alle søkjarar har fått elevplass. Ein del av dykk som har søkt fleire kurs har ikkje fått begge ønskja innfridd.

 

Skuleåret

Undervisninga følgjer skuleruta, dvs. at det ikkje er kulturskuleundervisning når grunnskulen har fri. På første øvingstime får du halvårsplan som viser når du skal møta. Undervisninga i hausthalvåret går frå veke 34-50, vårhalvåret frå veke 1- 23.

 

Elevoppdrag

I tillegg til vanleg undervisning vert det og ein del speleoppdrag som t.d. elevkonsertar, skulekonsertar, lokale tilstellingar, turne, institusjonsbesøk, og kurstilbod. Dette får du melding om etterkvart hjå læraren din eller på halvårsplanen.

 

Informasjon/ kontakt med heimen

Du vil få informasjonsskriv frå læraren din undervegs i skuleåret. Me oppmodar føresette om å vera med på undervisningstimar når det høver. Ta gjerne kontakt med lærar eller rektor dersom du har spørsmål.


Elevpengar

Kurskontingenten er uendra frå i fjor, kr. 1800 pr. år. Søskenmoderasjon er 33,3%. Dersom ein elev deltek på fleire kurs gjeld berre moderasjonen det første kurset. Kontingentinnkrevjinga skjer gjennom kommunekassen to gongar i året - oktober og mars.

 

Instrument

Du må ha eige instrument til å spela på heime. For å få utbytte av kurset du går på er det heilt avgjerande at du øver heime mellom timane.

 

Læremateriell

Til første undervisningstime tek du med permen/notane/læreboka frå i fjor. Nye elevar får læremateriell.


Betaling av læremateriell vert kravd inn saman med kontingenten, og ev. ved slutten av skuleåret.
Det er viktig at elevar har med seg notar /læremateriell på timane, og at dei har ”orden i sysakene”. Ber om at føresette i samarbeid med elevane tek ansvar for dette.

 

Forhindra frå å møta på timen?

Kan du ikkje koma til undervisningstime, må du gje melding til lærar. Mobilnr. står på vedlagt skriv. Du har ikkje krav på å få igjen timen om du uteblir frå undervisning. Avtalar kan gjerast om det passar for læraren.

 

Slutta kurs?

Dersom du av ein eller annan grunn må slutta kurset, må du likevel betala for påbegynt semester - sjukdom eller fråflytting unnateke. Oppseiing av skuleplassen skal skje skriftleg til kulturskulen v/rektor. Fristar 1.april for haustsemester og 1.november for vårsemester.


Helgekurs

Dette skuleåret vil kulturskulen arrangera rockeseminar og dansekurs på helgebasis for alle interesserte. Ein kjem tilbake med informasjon om tid, stad og påmelding om ikkje så lenge. Kursa vil bli kunngjort på kommunen si heimeside, på skulane, på butikkane og til alle elevane i kulturskulen.


Godt kulturskuleår!

 


Tekst: Frank Kvinge, rektor; frank.kvinge@masfjorden.kommune.no, 970 61 230

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen