MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.06.11 -

Masfjorden folkebibliotek

 

Nordhordlandsbilioteka (mitt nordhordland.no) - Bøker og anna i biblioteket (direkte til søkebasen)

 

Hovudbiblioteket:
Telefon: 56 16 64 22 - Faks: 56 16 64 01 - E-post

 

Biblioteksjef: Kjellaug Bolset Strand
Adresse: Masfjorden folkebibliotek, 5986 Hosteland.

Matre filial:
Telefon: 56 16 61 60 - Faks: 56 16 61 51 - E-post

Sandnes filial:

Telefon: 56 16 63 70 - E-post

Opningstider:
Tysdag: 13.00 – 19.00
Desse dagane er det kontortid frå kl. 11.00.
Mandag, onsdag og fredag er det skule- bibliotekarbeid/kontortid i tida 7.45 – 15.45.

Opningstider:
Torsdag: 12.30 – 18.30

 

Mandag: 13.00 - 19.00

 

Synnøve Areklett Garmann får rettleiing av biblioteksjefen

Masfjorden folkebibliotek har i dag hovudbibliotek på Hosteland i Nordbygda skule og filial på Matre skule og Sandnes skule. Alle tre er samlokaliserte med skulebibliotek. Matre sin filial var ny i 1984, og hovudbiblioteket vart innflytta i 1991 då skulen tok i bruk nybygget. Sandnes filial vart opna i februar 2009.

 

Den fylkeskommunale bokbåten kjem to gonger i året og har fire stoppestader.

 

Synnøve Areklett Garmann ser  om det har kome inn nye bøkerNordhordlandsbiblioteka har ein database der kommunane sine mediesamlingar er registrerte. Mestedelen av Masfjorden sine samlingar ligg der, og basen er søkbar via Internett. Biblioteka i regionen forstod tidleg at ved å samarbeida kunne vi utnytta ressursane våre betre. Difor har vi delteke i ulike prosjekt som har vore med å heva kvaliteten på tenestene våre. Eitt av prosjekta resulterte i at biblioteket vårt har bygt opp og vedlikeheld ei samling pedagogisk litteratur retta mot barnehage og grunnskule. Vi har sirkulasjonsordning for video og musikk. Masfjorden folkebibliotek er også med i NELL.

 

På Hosteland har publikum tilgang til datamaskin med m.a. Internett, skriveprogram og e-post. Studentar som har bruk for maskina utanom opningstida kan få avtale om nøkkelordning.

 

Ved hjelp av internett kan du som brukar søkja i store og små bibliotetbasar både i inn- og utland. Du kan også låna frå desse biblioteka, men lånet må gjerast gjennom folkebiblioteket. Så sjølv om Masfjorden folkebibliotek er eit lite bibliotek, er vi likevel store avdi vi er ein del av det nasjonale lånesamarbeidet. To gode inngangportar for biblioteksøk er Biblioteknett Hordaland og Biblioteknett Norge. Og hugs: Det er sagt i lovs form at alle bibliotektenester skal vera gratis for brukarane.

 




Tekst: Inger Jåstad
Foto: Camilla Søderstrøm Tveit

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen