www.barnevernet.no er barne-, ungdoms- og familiedirektoratet si nettside om barnevernet.
Barneverntenesta sitt ansvar og arbeidsoppgåver går fram av Lov om barneverntjenester. Vår spesielle oppgåve er å ta vare på dei utsette barna, og aktivt hindre at barn vert utsett for omsorgssvikt eller får høve til å utvikle uheldig åtferd.
Barneverntenesta har kontor i kommunehuset på Masfjordnes.
Når barneverntenesta får melding som gjeld namngjevne barn (0-18 år) skjer følgjande:
- Innan ei veke skal vi bestemme oss for om meldinga skal undersøkjast nærare, eller om ho skal leggjast bort. Vi tar då ikkje kontakt med andre enn den som har meldt saka til oss.
- Bestemmer vi oss for undersøking, jfr. §4-3, kan denne ta inntil 3 månader, i spesielle høve inntil 6 månader. Undersøkinga vil innehalde fleire samtaler med den/dei meldinga gjeld og samtidig hentar vi inn opplysningar frå andre instansar, eks. skule/ barnehage/ PPT/ helsestasjon/ lensmann etc.
- Konklusjonen på denne undersøkinga kan enten bli at saka blir lagt bort, at familie/barn vert vist til andre i hjelpeapparatet eller at barneverntenesta set i verk tiltak.
- Dersom barneverntenesta set i verk tiltak, vil det til vanleg vere hjelpetiltak, eks. råd og rettleiing til foreldra, støttekontakt/ weekenheim til barnet, eller eks. til barnehage eller fritidsverksemd. I andre høve kan det bli bestemt at barnet for ein periode bur utanfor foreldreheimen, men då med samtykkje frå foreldra. Vi har ansvar for oppfølging av alle tiltak som vert sette i verk.
Dersom tilhøva for barnet ikkje vert gode nok med barneverntenesta sine hjelpetiltak, kan følgjande skje:
-I sjeldne høve vert det vedteke at barn/ ungdom mot foreldra eller eige samtykkje vert plassert utanfor heimen. Saka skal då handsamast i fylkesnemnda (i Bergen), som består av fem medlemmar, med jurist som leiar. I møte har foreldra eigen advokat, (evt. også barnet eigen advokat), og sakshandsamar frå barneverntenesta har sin advokat. Det blir då fylkesnemnda som tek avgjerd i saka. I etterkant av nokre saker overtek barneverntenesta omsorga for barnet.
- Foreldra har under heile sakshandsaminga rett til hjelp av ein advokat. Det offentlege dekkjer utgiftene til dette, frå det evt. blir bestemt at saka kjem opp i fylkesnemnda. Er barnet over 15 år eller saka kjem opp på grunn av barnet si åtferd (rus, kriminalitet etc.) har barnet også rett på eigen advokat.
- I følgje Lov om barneverntjenester kapitel 9 kan foreldra eller barnet påleggjast eigenbetaling til delvis dekking av tiltak som vert sett i verk. Det vil si at det skal skje ei vurdering av foreldra/ barnet sin økonomiske situasjon for å avklare om ei slik eigenbetaling er aktuell.
- Vi understrekar at oppgåva vår i fyrste rekkje er dersom vi meinar det er påkrevd å gje hjelp i heimen slik at barn og foreldra skal kunne fortsetje å leve saman. Vi har både støtte- og kontrollfunksjon og skal gje naudsynt hjelp for at heimen skal klare sitt omsorgsansvar, men også ei lovbestemt plikt å gripe inn dersom dette ikkje nyttar.
- Det ser ut til at når foreldra heile tida får informasjon om korleis saka står, er det grunnlag for eit konstruktivt samarbeid. Vi er opptekne av at dei saka verkeleg gjeld (foreldra og barn) skal informerast før evt. kontakt mellom oss og andre instansar. På den måten får ei ikkje ein kjensle av at nokon går bak ryggen på ein.
- Av og til kan det likevell, å ha kontakt med barnevernet
som trugande, og ein ser gjerne for seg den verst tenkelege utgangen
på denne kontakten. Vi legg difor vinn på å vere
så open som mogleg, og oppfordrar til at dei vi kjem i kontakt
med deler sin evt. bekymring med oss. Kort sagt er det betre at
ein stiller eit spørsmål ekstra enn å brenne
inne med det.
Tekst: Britt J. Eriksen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen