Opningstid: 07.15 - 16.30
Barnetalet: 19 barn pr. 01.06.11.
Styrar: Eva Torgilstveit, tlf. 56166100. E-post: sandnes.bh@masfjorden.kommune.no
Sandnes barnehage ligg på Masfjordnes som er administrasjonssenteret til Masfjorden kommune. Barnehagen ligg i eit bustadområde, med gangavstand til skule, kommunehus og ferjekai. Barnehagen vår er bygd i 1992, og avdelingane Blesten og Nordavind er i drift. Rundt barnehagen har me eit stort uteareal som gjev varierte utfordringar til barna.

Me har fast turdag ein dag i veka. Då er me ute store delar av dagen og har eit fast turmål ved skulen. I ulike samanhenger er me på besøk til skulen. Gardsbesøk er også noko barna set pris på.
Hovudmålsetjinga for alle 3 barnehagane i kommunen er:
Å jobbe for å få eit likeverdig tilbod for alle barnehagebarn i Masfjorden kommune.
Me har 3 felles satsingsområde:
- Uteliv
- Tydelege vaksne
- Tidleg tiltak varig verknad (samarbeidsprosjekt med skulane)

Tekst: Anita Solheim
Foto: Anita Solheim og Scandion(barnehagen)
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen