Opningstid: kvar dag frå kl. 07.15 – 16.30.
Barnetalet: pr. 01.02.10 – 43 born fordelt på 3 avdelingar:
” Blåklokka” 1-2 år
” Fiolen” 2-3 år
” Prestekragen” 4-6 år
Nordbygda barnehage ligg på Hosteland i Masfjorden kommune. Like i nærleiken ligg Nordbygda skule. Skulen og barnehagen utgjer til saman Nordbygda oppvekstområde. I same område finn ein og Masfjorden folkebibliotek, Masfjorden sjukeheim og Nordbygda helsesenter med lækjar, helsesyster og fysioterapeut.
Me har faste utedagar på alle avdelingane ein gong i veka. Desse dagane nyttar me til å gå turar i nærmiljøet som er tilpassa borna sin alder. Me har fleire faste turmål i nærområdet og me brukar også sjøen som ikkje ligg så langt unna. Kvar avdeling har og faste tider kvar veke til bruk av gymsalen på skulen og til å besøke biblioteket.
Hovudmålsetjinga for alle 3 barnehagane i kommunen er:
Å jobbe for å få eit likeverdig tilbod for alle barnehageborn i Masfjorden kommune.
Me har 3 felles satsingsområde:
Tekst: Anita Solheim (styrar) Tlf. 56166340 - E-post: nordbygda.bh@masfjorden.kommune.no
Foto: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen