Verksemdsplan for IKT
IKT avdelinga står i 2009 framfor fleire milepelar – dei viktigaste er:
- Harald Jåstad takkar for innsatsen og trer inn i pensjonistanes rekkjer frå 1. august 2009
- Rådmennene i SING samarbeidet har vedteke å investera i ein ny felles IT infrastruktur. Dette inneber samlokalisering av ”sikker sone”, det vil seie alle IT tenester for pleie- og omsorg, Sosial og Barnevern. Det vil og etablerast ein ny felles e-post løysing for alle kommunane.
- SING kommunane skal innføra eit felles administrasjonssystem for skule og barnehage.
- Rune Garmann er tilsett i ei 2-årig prosjektstilling med fokus på å heva den generelle IKT kompetansen i kommunen
Alle desse endringane vil krevja ressursar frå IKT avdelinga – både i pengar og ikkje minst i tid. IKT avdelinga ønskjer å vera ein aktiv deltakar i felles IKT prosjekt i regionen – dette for etter beste evne i ivareta Masfjorden kommune sine interesser i samarbeidet. Som avdeling er vi oppteken av at vi kan tilby dei tilsette i Masfjorden kommune IKT løysingar som lettar kvardagen til den enkelte.
IKT avdelinga i Masfjorden kommune har for regnskapsåret 2009 eit investeringsbudsjett pålydande kr. 500.000,-. Dei ønskjer ein å nytta til følgjande prosjekt:
- Masfjorden kommune sin del av kostnader for etablering av felles IT-struktur for SING kommunane. Samla prosjektkostnad er ca. 2 mill NOK.
- Gjera nødvendige utskiftingar av pc’ar og utstyr – brukarar som køyrer krevjande programvare har behov for nytt utstyr for å få ein lettare arbeidsdag. Utstyr som blir bytta ut hos desse brukarane vil kunne nyttast til andre mindre krevjande oppgåver, t.d. i barnehage og skule.
- Sjå på utviding / oppgradering av dagens løysing for virtualisering av serverar
- Gjennomgå server løysinga for PED-nettet og vurdere utskifting av server (heng i hop med punktet over).
Utover dei oppgåver som årets investeringsbudsjett opnar for – vil IKT avdelinga også jobba med følgjande prosjekt:
- Aktiv deltaking i førebuing av anbod og etableringa ny IT-struktur i SING kommunane
- Delta i innføring av nytt administrativt datasystem for skule og barnehage
- Gjennomgå løysing for lagring av dokumenter og handtering av utskrift
- sette i drift ny SAN servar innkjøpt i 2008
- Etablere nytt trådlaust nettverk (innkjøpt i 2008) – som gir muligheit for
- trådlaus IP-telefoni
- trådlaust gjestenett / publikum (PUB)
- trådlaus tilgang til administrativt datanett (ADM)
- nytt trådlaust nett for oppvekst (skule/barnehage) (PED)
- Etablere løysing for innmelding og oppfølging av saker til IKT
- Investeringar
- Problem / brukarstøtte
- Gjennomgå telefonløysinga og sjå på eventuelle behov for utskifting av apparat og eventuelle behov for fleire apparat.
- Gjennomføre månadlege oppdateringar på serverane på kveldstid for å redusere risikoen for utilgjengelige serverar i kjernetida.
IKT avdelinga ser med dette fram til eit konstruktivt samarbeid i 2009 og håpar at me med desse prosjekta skal gje eit endå betre tilbod til våre brukarar.
Masfjordnes, 11. mai 2009
Nils Ingvald Halle
IKT ansvarleg