Offentleg ettersyn og høyring om kommuneplanen sin arealdel for 2018 - 2030

Kommuneplanen for Masfjorden kommune med vedlegg er no lagt ut til høyring. Påminning om at merknadsfristen er 6. september.

Masfjorden kommunestyre vedtok i møte den 03.05 2018, sak 028/18  å leggje kommuneplanen sin arealdel 2018 - 2030, ut til offentleg høyring og ettersyn. Dette i samsvar med reglane i plan og bygningslova sin § 11-14 (Høyring av planframlegg).

Arealdelen er utarbeidd etter ei grundig vurdering av innkomne forslag og i høve til strategiane i  tidlegare vedteken samfunnsdel. Planen består av plankart, planskildring og føresegner med vedtak. Vedlegg til planen er konsekvensutgreiing og ROS-analyse.

Det vert vist til følgjande pdf-lenker med plandokument:

Det vert vist til følgjande lenker med vedlegg til plandokumenta:

Frist for å sende inn merknader til kommuneplanen er 6. september 2018.
Merknader skal helst sendast på eige skjema, som ein finn ved å peike og klikke her.

Merknader kan òg sendast som brev til
Masfjorden kommune,
Austfjordvegen 2724,
5981 Masfjordnes

eller via e-post til: post@masfjorden.kommune.no

 

Sveinung Toft
Assisterande rådmann

 

Web levert av CustomPublish