
(Aktivitør Berit Totland under åresalget)
Den årvisse basaren på sjukeheimen slo i år alle rekordar. 14. mars var over hundre menneske samla på fellesstova. Åresal, auksjon og loddbøker gav heile 31.000 kroner i kassa. Stemninga tok heilt av under auksjonen og dei frammøtte overbaud kvarandre. Dei gule påskekyllingane var så populære at produksjonen held fram for fullt etter basaren. Dei som ikkje nådde i dei har nemleg lagt inn bestilling for å sikra seg kyllingar til påske.
Som alltid var det toradargruppa Ådneduren som stod for underhaldninga. Det var god tid til å prate med sambygdingar over ein kaffikopp med noko attåt.
Av pengane vert det kjøpt meir material som vert brukt på dagtilbodet på fellesstova.
Tekst: Siri Kratzmeier
Foto: Helga Ellingsen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen