MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 21.11.11 -

Krafttak 2011

 

For bilettekst sjå musepeikaren:

Tilhøyrarane måtte igjennom ei oppvarming, utrøyning og avstressing leia av helsekoordinator i Masfjorden, Harriet Molland.

 

Det er meir enn trening som gjer hjarta godt! Det var velkomstorda til hovudverneombod Rune Garmann.

 

Arbeidsmiljøutvalet i Masfjorden kommune tromma for andre gong saman til markering av krafttaket for tilsette i kommunen. Onsdag 16. november kom vel hundre tilreisande til Nordbygda samfunnshus.

Krafttak er eit felles arbeidsmiljøtiltak for tilsette uansett kor du jobbar og uansett kva du jobbar med.

 

Ole Johannes Øvretveit, som heldt eit knakende godt innlegg.Folkehelsekoordinator Harriet Molland fekk opp blodsirkulasjonen vår frå starten. Deretter formidla Ole Johannes Øvretveit alias Maratonmannen ei gripande historie om korleis livet ordnar seg på plass sjølv når ein trur det er like lite mogleg som at det kjem store grisar flygande over bakkane. Stikkord er tid, tolmod og oppmoding frå dei næraste om å ta ein tur ut med ungane berre for å grille ei pølse. Eit smil vert då gjerne til fleire. Alvor og ettertanke i ei forsamling som sat heilt stille. Det vart ikkje eit venta Maratonmann-show, men eit bodskap om at det handlar om å ha nokon å vere glad i.

 

Så ein pause der pulsen auka igjen. Velsmakande næring frå 8. klasse ved Nordbygda skule, stands frå Nasjonalforeninga for folkehelse, helsesyster med vaksinesprøyter og MOT-bodskap, Nordhordland turlag på tur igjen, folkehelsekoordinatoren med film om treningskontaktar, og Berg Fritid vil at fleire slepp seg laus i Stordalen. Og ikkje minst idrettslaga Bjørn West og Risnes Il med god breidde i aktivitetane i nærmiljøet vårt.

 

Pausen strakk ikkje til, for plutseleg løfta lokalet seg. På scena sto mørkkledde artistar og musikantar. Svarte solbriller og hattar, musikk med trøkk! Ja, kultur er folkehelse, og me ville ha meir. Tre ekstranummer frå Masfjorden Big Band gjorde susen!

 

Så nærma det seg premieutdeling for tilsette sin innsats på Sleirsfjellet opp, Bjørn West-marsjen og onsdagsturar i Masfjorden. Lyden i salen gjekk ned og spenninga opp. Resultata var ikkje gjort kjent på førehand.

 

Fyrst vart det tapperheitspris til Jorunn Færevaag ved heimetenesta på Sørsida for standhaftig innsats og som er med på leiken uansett. På den tøffaste onsdagsturen syns ho det var for stritt å gå med, men stilte likevel opp og det med nysteikte lappar. Lite sjølvhøgtidleg og blid! Takksame kollegaer applauderte.

 

Inspiratorpris gjekk til Kristiane Ødeskaug ved Nordbygda barnehage for å lokke og dra kollegaer med på tur. Eit sterkt konkurranseinstinkt og engasjement slik at kollegaer aldri gløymde når det var ny tur på gang. Det gjeld å ikkje gje seg! Husk Maratonmannen sitt bodskap om tolmod!

 

I år stakk Nordbygda skule og SFO av med tre av fire premiar! Imponerande innsats i mange avdelingar, for det var små skilnader mellom dei to-tre øvste på kvart arrangement. Gratulerer til alle for super innsats! Arbeidsmiljøutvalet vonar krafttaket har gjeve gode opplevingar for deltakarane, og at pengepremiane også kan medverke til nye fellestak.

 

Vinnarane av mest deltakarar på arrangementa; Bjørn West marsjen og onsdagsturane og som blei samanlagt vinnarar blei Nordbygda skule/Sfo. Her representert ved Maud, Liv, Ørjan, Anita, Stephen, Elin B., Margunn, Wenche, Lillian og Eli.

 

Resultata ser slik ut

 

Arbeidsmiljøutvalet takkar for all deltaking!

 

 

 

 

Tekst: Jane Britt Daae

Foto: Willy Borge

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen