I medhald av pbl 11-14 har Masfjorden kommune i sak 069/11 den 29.09.2011 vedteke å sende framlegg til kommuneplan for Masfjorden kommune 2011-2023 ut på høyring og legge dokumenta ut til offentleg ettersyn.
Samfunnsdel Denne delen er ein heilskapleg gjennomgang av den kommunale verksemda. Samfunnsdelen peikar på utfordringar og drivkrefter for vår kommune, og prioriteringar, hovudmål, delmål og tiltak for planperioden er formulert.
Dette dokumentet fortel korleis kommunen har arbeidd med kommuneplanen fram til dei juridisk bindande dokumenta, plankart og føresegner. Planskildringa skal og lesast som retningsliner til plankartet. Last ned pdf-dokument
PlankartArealplankartet er juridisk bindande for arealbruken i kommunen. Plankartet er i målestokk 1:40 000. Det er lasta opp to versjonar av plankartet; ein til å skrive ut i A3 og ein til å zoome i med målestokk 1:8000. Den sistnemnde er ei stor fil og vil ta litt tid å laste ned. Last ned A3-versjon (pdf) eller zoom-versjon (pdf)
Krav til arealbruk og planlegging som utdjupar plankartet og er juridisk bindande. Last ned pdf-dokument
Konsekvensutgreiing og ROS-analyseHer er alle framlegg til nye tiltak som vart spelt inn i prosessen lista. Dette er eit stort dokument på 210 sider og kan ta noko tid å laste ned. Last ned pdf-dokument
Nokre av innspela vart silt i ein tidleg fase. Dei finn ein sist i dokumentet. Dei andre innspela er konsekvensutgreidd og ROS-analysert før rådmannen har gjort ei samla vurdering og anten tatt innspelet med i planen, juster innspelet og tatt det med i planen eller konkludert med at innspelet ikkje skal med i planen. Dokumentet er oppdatert med vedtaka frå kommunestyre 29.09.2011 som justerte nokre av framlegga til rådmannen.
I kommuneplanarbeidet vart difor brukt mykje tid til å lage eit verdikart for heile kommunen. Arbeidet starta med på kartlegge funksjonell strandsone før ein lasta ned data frå forskjellege digitale kjelder som BAAT, direktoratet for naturforvaltning og NVE, la på kjerneareal for landbruk og digitaliserte lokale kulturminne, kulturmiljø og badeplassar inn i same kartet. Med alle laga samla i same kartet vart område verdsette etter skalaen – middels verd (gul), høgt verd (oransje) og særs høgt verd (raud).
Temakartet er lasta opp i målestokk 1:40 000. Last ned verdikartet (pdf)
Plandokument kan også lesast på biblioteka på Matre, Hosteland og kommunehuset
Uttale til kommuneplanen kan sendast Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no. Uttalefrist er sett til 21.11.2011.
Tekst: Anne Kristin Rafoss
Illustrasjon: Plandokument
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen