
(Fototekst: Lise Dyrhovden flankert av ordførar Karstein Totland t.v., leiar av frivilligsentralen Dag Haarklau og Rune Garmann lengst t.h.)
Under julekonserten i Solheim kyrkje søndag 18. desember vart Frivilligprisen 2011 delt ut av ordførar Karstein Totland. Prisen gjekk til Lise Dyrhovden. Prisen er ein akvarell av Anne Kvinge Tvedt og diplom. Rune Garmann framførte eit dikt om prisvinnaren. Lise fekk prisen for sitt store engasjement for medmenneske i lokalmiljøet. Ho har gjort ein stor frivillig innsats for folk i alle aldrar. Me nemner; helselag, 4H, sokneråd, musikklag, barnepass, kakebaking, servering, god nabo osv.
Tekst: Gunnvor Fyllingsnes
Foto: Willy Borge
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen