MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 01.11.11 -

Vinterpostar 2011-2012


Også i år vert det lagt ut nokre vinterpostar her på Sørsida. Me håpar at dette tilbodet kan gjera sitt til at ein kan halda seg i aktivitet i dei månadene som no ligg framfor oss. Det er lagt ut sju postar med grei tilkomst. Postane ligg ute frå 1.november og fram til fjellvandrarfesten vert arrangert, truleg i slutten av mars. Når det gjeld vinterpostane, vert det dei med flest besøk som vert premierte på fjellvandrarfesten. Såleis kan ein då t.d. berre gå på ein post, eller på nokre få postar. Det viktigaste er at det vert mosjonert, anten til fots eller eventuelt på ski. Elles vert det ikkje påmelding og betaling for å vera med på dette opplegget. Postane vert som før merkte med raud-kvite band. Hugs å leggja bøkene godt inni plastposane i kassene.


Klikk opp pdf-kartHer er oversikta over vinterpostane:


1. Ved enden av skogsvegen opp mot Totlandssetra (Posten heng i ei bjørk.)


2. Timrekleiva, på innsida/austsida av Storevatnet i Nørlandsdalen, fint å kombinera med ein tur rundt vatnet. (Posten heng i ei fure like ved skogsvegen.)


3. Sandnesvatnet v/stemma (Posten heng i ei fure.)


4. Håvarden (Posten ligg i varden.)


5. Mjangerssetra (Posten heng på seterveggen.)


6. Blådalsvatnet (Posten heng på hytteveggen til kraftverket oppe ved dammen.)


7. Melshovden (Posten ligg ved varden)

 

 

(Klikk opp pdf-kart med postane)

 

 


God tur !
Fjellvandrarkomitéen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen