Tre festdagar trass i at me ikkje hadde vergudane med oss. No er det slått fast: Det er plass til mykje folk på kaiområdet på Matre. Hellbillies-konserten trekte eit publikum tilsvarande folketalet i Masfjorden, om lag 1600 menneske, og dei hadde det triveleg. Stemninga var stor og alt gjekk fint føre seg. Det var fullt på alle parkeringsplassar, både på sjø og land.
Laurdag var det aktivitetar for store og små både på land og sjø, på garden og i fjøra, utstillarar med mange ulike varer, spreke innslag frå scena. Marknaden og aktivitetane var svært godt besøkt.
Bjørn West-marsjen baud på utfordringar i form av ekstremt vått og blautt føre og veksande elvar. Likevel var oppslutninga god. I Stordalen fekk marsjdeltakarane og andre frammøtte konsert, gudsteneste og minnetale.
Søndag kveld var Nothuset på Sandnes fullstappa av folk som ville høyra Helge Jordal framføra eposet ”Terje Vigen”, om ein periode i norsk historie som var like dramatisk som den Bjørn West-marsjen minnar oss om.
Kraftspela 2010 vart ein suksess. For at eit slikt arrangement skal bli vellykka, trengst det samarbeid og stor innsats frå mange frivillige på mange plan. Og folk må synast at det er verdt å komma. Takk til alle som var med og gjorde Kraftspela 2010 til ein folkefest!
Her kan du gå til fotogalleriet for kraftspela 2010
I dette programmet kan du bla i dei ulike dagar og arrangemet og vise heile galleriet sama. Du kan stoppe og starte visninga som du sjølv ynskjer, du kan some i det enkelte bilete og vise på fullskjerm.
NB! Du må ha Adobe Flash player for å kunne sjå biletshowet.
Dersom du manglar dette programmet kan du enkelt laste den ned frå denne adressa
Tekst: Alf Strand
Foto: Rune Garmann
Gallerifoto: Rune Garmann, Frode Vee-Haugen, Marianne Ulvatn og Anette Thorsheim
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen