SUDAN DUDAN
Marit Karlberg & Anders Røine
Sudan Dudan er eit møte med to stemmer i samsong og veksel, omkransa av improvisert klimpring og stryk frå gitar, langeleik, fele, banjo og mandolin. Dei sterke melodiane er i fokus, slipt gjennom generasjonar. Dette er "nytt" tradisjonsstoff – ukjende perler frå arkiv og notenedskrifter, og frå meir eller mindre levande kjelder frå ymse fjelltrakter.
Sudan Dudan er også eit møte med riddarar og andre ulukkelege figurar som dukkar opp i skillingsviser, skjemteballader, slåttestev og bådnsullar. Tekstene tek fram det sørgjelege i alle fasettar, og galgenhumoren har også sin sjølvskrivne plass. Dette song dei om, dei som budde på bygdene for 200 år sidan. Eksotisk, tidlaust, grovkorna og pasjonert.
Sudan Dudan er likevel ingen historisk dokumentasjon. Framføring og arrangement er inspirert av musikk frå ulike tidsepokar og genrar, og musikken kan gjerne beskrivast som ein blanding av norsk kveding og amerikansk old time music.
Marit Karlberg frå Valdres syng og spelar langeleik og er høgt premiert og profilert i folkemusikkmiljøet. I 2003 gav Marit ut CD-en Tre ord te de, ei utgjeving mynta på born og unge, basert på den vokale songtradisjonen frå Valdres. Ho var med på den norsk-svenske Rikskonsertoppsetjinga Tryllefløyta i 2005/2006 og fekk Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar i 2006. Ho var også sentral i gruppa Dvergmål og på deira CD-utgjevingar: Song i himmelsalar (04) og Visor og kvæde frå Blåbærglandet (96).
Anders E. Røine syng og spelar gitar, mandolin, fele og banjo. Han er ein av dei viktigaste genrekryssande musikarane i folkemusikkmiljøet i dag, og spelar i mange ulike musikalske konstellasjonar. Han har tidlegare medverka på fleire CD-utgjevingar, m.a. Ingvill Marit Buen Garnås (03), Skrekk (04), Odd Nordstoga (04). Han fekk 3-årig arbeidsstipend for yngre musikarar frå Staten i 2006.
Sudan Dudan fekk Norsk kulturråd sin ensemblestøtte i 2006 og 2007.
Bill kr 100,-
Tekst: Anette Torsheim
Foto: Godkjend av Sudan Dudan
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen