MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 01.02.10 -

Endeleg vedtak om nausta i Skjelsundet

 

Fylkesmannen i Hordaland har gjort endeleg vedtak i saka om fem naust i Skjelsundet.  Saka gjeld bygging av naust i regulert naustområde. Masfjorden kommunestyre oppheva dei delegerte vedtaka i desse sakene fordi vedtaka ikkje var heimla i gjeldande reguleringsplan/kommuneplan når det gjeld  høgde og altan. Desse vedtaka vart påklaga av tiltakshavar.

 

Fylkesmannen har no oppheva kommunestyret sine opphevingsvedtak. Tidlegare godkjenningar står dermed ved lag. 

 

På spørsmål frå heimesida til kommunen om dette betyr at det er fritt fram i Masfjorden for naust med altan og høgde over 7 m,  svarar rådmann Lovisa Midtbø  eit klart nei.
”Fylkesmannen stadfestar kommunestyret sitt syn på at det er forbod mot oppføring av naust som dei aktuelle, og at slike naust berre kan oppførast etter dispensasjon frå dei aktuelle reglane. Men etter ei samla vurdering av desse konkrete sakene, legg fylkesmannen vekt på omsynet til at tiltakshavarane har innretta seg i god tru. ”

 

Fylkesmannen peikar på at det var kommunen som gjorde feil då ein ikkje handsama saka som ei dispensasjonssak.  Han skriv i vedtaket at ein slik feil til vanleg vil leia til at vedtaket vert ugyldig. Denne saka var spesiell og skal ikkje gje presedensverknader eller press i høve til seinare søknader om høgdereglar eller andre reglar om utforming av naust i kommunen, seier fylkesmannen.

 

Kommunestyret vil få vedtaket frå fylkesmannen som melding i møte 25.februar.

 

 

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen