
(Bilete: Frå venstre Torill S. Nyborg, Egil Kvingedal, Kari Skår Sørheim, Frode Langhelle og rådmann Lovisa Midtbø)
Tysdag 2.februar hadde formannskapet i Masfjorden møte med fylkesordførar Torill S. Nyborg i kommunehuset på Masfjordnes.
Fylkesordføraren skulle delta på Masfjorden KrF sitt årsmøte, og formannskapet nytta høvet til å innby henne til eit møte der temaet var: Samferdsle i Masfjorden. Leiar i Masfjorden næringsforum, Frode Langhelle og driftsleiar for kabelferja, Egil Kvingedal frå Wergeland Halsvik deltok i møtet. Fylkesordføraren fekk orientering om status og behov på samferdselsområdet i Masfjorden både frå kommunen og næringslivet. Hovudfokus var utfordringar på RV 570, ynskje om gratisferje og bygging av bru over Masfjorden. Masfjorden kommune orienterte om at ein til sommaren gjennomfører seismiske undersøkingar av fjordbotnen mellom Sandnes og Duesundøy for å få fram faktagrunnlag for eit forprosjekt for bru over fjorden. Kommunen presiserte at ei bruløysing er svært viktig for samfunnsutviklinga i denne delen av fylket.
Fylkesordføraren orienterte om forvaltningsreforma og fylkeskommunen sin nye rolle med eit ansvar som heilskapleg transportetat, og overtaking av ansvar frå staten for mange riksvegar og ferjer. Ho orienterte om dei tiltaka som var planlagde på fylkesvegnettet i Masfjorden i 2010 og gav positiv og konstruktiv attendemelding på dei sakene kommunen tok opp.
Tekst: Lovisa Midtbø
Foto: Dina Dyrhovden
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen