MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 11.03.10 -

Barnehagedagen inviterer deg inn for å sjå!

 

Av styrarane Inger Marie Duesund og Anita B. Solheim

 

Sandnes barnehage mot sør

Sandnes barnehage

Nordbygda barnehage  sett frå skulen

Nordbygda barnehage

Indre Masfjorden barnehage

Indre Masfjorden barnehage

 

Tysdag 16. mars vert Barnehagedagen markert, og barnehagane i Noreg åpner dørene for ein titt inn på det yrande kvardagslivet .  
Med slagordet ’Kom inn og sjå!’ inviterer barnehagar til aktivitetar i og utanfor barnehageporten. Sentralt står kvalitet, trivsel og barnehagens innhald.

Barnehagane i Masfjorden kommune arrangerer Åpne barnehagar tysdag 16.mars 2010

 

Kvalitet i sentrum

Barnehagen er ein del av det samla utdanningsløpet. Alle barn har nå rett til barnehageplass. Ei omfattande barnehageutbygging har ført til at dei fleste som ynskjer det, no har eit barnehagetilbod.
Vi har eit felles utdanningspolitisk mål om at alle barn skal få eit likeverdig og godt pedagogisk tilbod i barnehagen. Og i februar i år la regjeringa fram ei kvalitetsmelding for barnehagen med særskild fokus på å sikre likeverdig og høg kvalitet i barnehagen og styrkje barnehagen som læringsarena. I tillegg skal alle barn aktivt få delta i eit inkluderande fellesskap. Dette syner at regjeringa set kvalitet i sentrum. Det er bra !

 

Eit blomstrande kvardagsliv

Barnehagedagen og slagordet Kom inn og sjå! skal syne fram det innhaldsrike, fine og spanande kvardagslivet i barnehagen, og skal samtidig synleggjere og gje grunnlag for auka forståing for barnehagen sitt viktige arbeid. Kom inn og sjå! inviterer vaksne og barn, ikkje berre fysisk til å komme inn i barnehagen, men også til å verte kjend med barnehagen som verksemd. Slagordet skapar forventningar om at det er spanande ting som foregår.

 

Dei som kjem på besøk, eller på annan måte møter ein barnehage den dagen, vil oppleva at barnehagen bidreg til mangfold og eit likeverdig og godt barnehagetilbod for alle. Barnehagen er ein kulturskapar og integreringsarena – og har ei viktig rolle som kulturformidlar.

 

Vi håpar aktivitetane og slagordet kan vera utgangspunkt for fruktbare møte med foreldre, politikarar og andre interesserte. Eit besøk eller møte med barnehagen kan vera eit fint utgangspunkt for dialog om både innhald og kvalitet. Slagordet seier òg at barnehagen ynskjer å vera ein åpen og naturleg del av samfunnslivet.

 

Barnehagedagen vert i år arrangert for sjette år på rad etter initiativ frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet.

 

Vi – 262.000 barn og 82.000 vaksne i alle aldre i rundt 6700 barnehagar landet rundt – gler oss til å møte deg !

 

Velkomen inn 16. mars! 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen