For bilettekst: Sjå musepeikar

No er fjelltrim-postane til Risnes IL tekne inn, og oppteljing av dei mange turane er i gong. Søndag den 31. januar vil me markere Fjelltrimmen for 2009 med premieutdeling, bilete og skildringar frå Stølsheimen, kaffimat og åresal. Me inviterar til ei hyggjeleg samling for alle som har vert med på fjelltrimmen i år eller andre som er interessert. Medan me venter på ny sesong har Risnes IL også i år lagt ut vinterpostar:
Tur nr 1: Rambjørg – HaugsdalPosten er på skogsvegen over Botnane, start anten i Haugsdalen eller Rambjørg, kring 45 min ein veg.
Det er merka frå hovudvegen, kring 45 min ein veg.
Det er merka frå Kjerdal bru, kring 40 min ein veg.
Start ved fyrste bru i Kvamdalen, kring 45 min ein veg
Posten ligg ved steinbenken på Godfeta, kring 1 time rundt.
Alle turane er merka, og er i lett terreng på skogsvegar og tydelege stiar. Dersom du går alle turane, vert du med i trekning av premiar.
Dersom du har spørsmål eller turforslag kontakte Risnes IL si fjelltrim-gruppe
- Evelyn Birkeland, Reidun Sleire, Kjell Molland eller Jane B.Daae.
God tur!
Tekst og foto: Jane Britt Daae
Foto frå Sleirsfjellet: Nelly Fredriksen Nordvang
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen