
Masfjordfjella er eit fantastisk fjellområde med fjord, fjell og djupe dalar. Dei er lett tilgjengelig, og som innfallsporten til Stølsheimen er det også utfordringar nok for langturar. Med campingplassar, fjellstover, båt og hytteutleie, skisenter og aktivitets-
tilbod bør området væra interessant for dei fleste. Idrettsrådet i Masfjorden håpar at dette nye moderne turkartet skal være ein inspirasjon til å bruke dette fantastiske området enda meir.
Med det nye turkartet for Masfjordfjella er endelig heile området dekka av eit kart. Området frå Gulen i vest til Nordalshytta i Stølsheimen i Øst er med, og heile fjellpartiet frå Sognefjorden i nord til Vikanes i sør kjem med. Tidligare måtte du ha 10 kart for å dekka dette området. Kartet er i vanleg målestokk 1:50.000. Den mest moderne kartteknologi med skyggelegging er brukt.
For å dekke heile området er kartet delt i 2, med øst og vestsida av E39 på kvar si side av kartet. Kartet måler 70x100 cm, og er trykt på spesielt kartpapir som tåler meir vatn og handtering enn vanleg.
Nytt på dette kartet er at mykje av stinettet er oppdatert. Det er lagt inn mange nye stiar og ruter som ikkje har vore med tidligare. I tillegg er det valt ut 30 forslag til turar. Disse er gradert på kartet etter den nye internasjonale standarden med grøn, blå, rød og svart, alt etter kor vanskelege dei er. På heimesida www.turkartmasfjorden.no kan ein i tillegg laste ned GPS-spor til desse turane, samt finne utfyllande informasjon og foto.
Kartet er utgjeve i desember 2009 av Idrettsrådet i Masfjorden, i samarbeid med IL Bjørn West, Risnes IL, Fjon UIL, Nordhordland Turlag, Masfjorden kommune og e-map.
For meir info, bestilling etc sjå: www.turkartmasfjorden.no
Kontakt:
Bilete frå området finn du på internettadresssa: http://picasaweb.google.no/bergdyr/Turkartbilder#
Treng du større oppløysing eller kommentarar til bileta ta kontakt.
Tekst: Arne Berg
Red.: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen