MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 28.12.09 -
NAV-logo

 

Vil du bli støttekontakt eller avlastar?

 

 

 

Me treng fleire støttekontaktar og private avlastarar som kan vere med på å gje andre menneske ei meiningsfull fritid. Barn, unge og vaksne med ulike funksjonshemningar treng deg.

 

Kven er du?
  • Du er positiv og engasjert
  • Du har tid til å gje noko av deg sjølv til andre
  • Du er stabil og heldt avtalar
  • Du kan avsjå nokre timar i veka til nokon som treng deg

Det krevst ingen spesiell utdanning for å vere støttekontakt. Du må ha interesse for å jobbe med andre menneske og respekt for andre. Det er ein fordel om du er over 18 år og har sertifikat kl B. Du må også levere politiattest.

 

Me tilbyr rettleiing etter faste avtalar, løn, reisedekning/km-godtgjersle etter oppdrag og utgiftsdekning.

 

Kunne du tenke deg å bli privat avlastar?

Har du litt ekstra husrom og hjarterom til eit barn eller ein ungdom? Kan du tenke deg å verte kjend med nye menneske i ein annan livssituasjon, og vere ein som bidrar til at andre får ein lettare kvardag? Me treng personar som er i ein stabil livssituasjon og som er over 18 år. Du må gjerne ha barn sjølv, men må ha tid og overskot til å gje merksemd til ein som treng det.

 

Å jobbe som avlastar inneber at du skal avlaste foreldre som har særleg tyngande omsorgsoppgåver, og sikre dei fritid. I tillegg er formålet at du skal gje barnet/ungdommen nye opplevingar. Arbeidet inneber å gje omsorg og stell til den med funksjonsnedsettingar ut i frå brukarens behov. Det vil bli kravd politiattest.

 

Oppdrag som avlastar føregår som regel ei helg i månaden frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag, men varierer noko ut i frå familiens behov. Du vil få løn etter gjeldande satsar samt fast utgiftsdekning per døgn.

 

Dersom du kan tenke deg å verte støttekontakt eller privat avlastar kan du ta kontakt med

 

Nav Masfjorden ved Kamilla Haukeland tlf 53 04 51 00

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen