MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Svensk-engelsk samklang på Sandnes

- Publisert 6.07.09

 

Emma Reid og Robert Harbron i samspel

 

Andre konserten på sommarscena på Sandnes vart halden fredag 3. juli. Denne gongen vart publikum kjend med musikk frå England og Sverige, framført av svensk-engelske Emma Reid på fiolin, og engelske Robert Harbron, song og concertina.

 

Det er ikkje ofte ein høyrer folkemusikk frå desse to nasjonane i same program. Ein kan lett kome til å tru at det vil vere vanskeleg å kombinere musikk frå sopass ulike tradisjonar som desse. Men slik viste det seg ikkje å vere. På engelsk vis vart mange av melodiane framførte etter kvarandre, utan pause mellom, og det var interessant å leggje merke til korleis svenske og engelske melodiar stod til kvarandre og forma nye, spanande uttrykk.

 

Emma Reid og Robert  Harbron har spelt saman i lang tid. Det høyrdest i det gode samspelet mellom dei. Begge musikarane er også komponistar, og ga døme på korleis nytt stoff kan føre dei gamle tradisjonane vidare.

 

Til saman vart dette ein heilstøypt konsert, tufta på to ulike tradisjonar, og med innslag av både gamalt og nytt. At publikum likte det dei fekk del i, kom klårt fram i applausen gjennom heile konserten.

 

 

 

Tekst og foto: Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen