MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 24.08.09 -

God oppslutning om Kraftspela på Sleire

 

136 personar trassa regnver og skodde og deltok i motbakkeløpet "Sleirsfjellet opp" søndag den 16. august. 79 personar deltok i deltakarklassen medan 57 deltok i konkurranseklassen. Dette må ein kunne sei er svært god oppslutning på ein elles grå og regntung dag. Ordførar Håkon Matre klyppte snora for opning av nærmiljøanlegget ved Sleire grendahus, og innleia såleis starten på motbakkeløpet.

 

Deltakarklassen - Resultata i konkurranseklassen

 

Asbjørn Wold fekk bestetida for menn, medan Marianne Sleire fekk bestetida for kvinner.

Marit Helene Riisnes vann hovudpremien på kr. 5.000. Den vart trekt på startnummeret til alle deltakarane. Sleirearrangementet er ein del av programmet for Kraftpela for 2009.

 

Klikk på bileta for tekst og større bilete:

Beste mann og beste kvinne; Asbjørn Wold og Marianne Sleire
Glade vinnarea i dameklasse 41-50 år
Ordføraren klypper snora til nærmiljøanlegget
 

Torill_og_Karen skal ta av frå skogsvegen mot Sleirsfjellet

 

Ein glad Tormod_spring nesten heile vegen opp

 

Marit Helen Riisnes vann hovudpremien

 

 

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen

Foto: Rune Garmann, Sigvald Kvinge og Kjell Borge (bilete nr. 6)

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen