I medhald av plan og bygningslova (pbl) 27-2 har Masfjorden kommune i sak 054/09 den 18.06.2009 vedteke reguleringsplan for Kjekallen utleigehytter. Fylkesmannen i Hordaland har i brev dagsett 10.07.2009 gitt melding om at slik planen no er vedteken, har kommunen imøtekome motsegna.
Plandokumenta kan lesast på kommunehuset eller på kommunen sitt kommunale planarkiv (http://braplan.geoweb.no/braplan) det planen har ID 126620080002.
I medhald av plan og bygningslova (pbl) 27-2 har Masfjorden kommune i sak 053/09 den 18.06.2009 vedteke reguleringsplan for Einestrand bustadfelt. Fylkesmannen i Hordaland har i brev dagsett 05.08.2009 gitt melding om at slik planen no er vedteken, har kommunen imøtekome motsegna.
Plandokumenta kan lesast på kommunehuset eller på kommunen sitt kommunale planarkiv (http://braplan.geoweb.no/braplan) det planen har ID 126620070005.
Etter §§ 27-3 og 15 i pbl og kapittel IV i forvaltningslova, er det høve til å klage på desse vedtaka. Klagen skal sendast til Masfjorden kommune (post@masfjorden.kommune.no) og må vere sendt innan 20.12.2009.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samsvar med §§ 32 og 42 i pbl må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa av vedtaka. Eventuelle krav må setjast fram skriftleg for Masfjorden kommune.
Tekst: Anne Kristin Rafoss
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen