Publisert 18.08.09
I samband med kommuneplanarbeidet vert det no gjennomført opne kontordagar fleire stader i kommunen. Med open kontordag meiner ein at fleire av dei som jobbar med kommuneplanen vil ha ”kontordag” ein annan plass enn på kommunehuset. Det vert slik lagt til rette for at alle som bur eller har hytte i kommunen kan kome direkte i kontakt med dei som i haust har størst fokus på kommuneplanen. Kontordagen kan nyttast til blant anna å drøfte eigne innspel til korleis ein skal planlegge for Masfjorden kommune fram til år 2020.
Det er laga ei liste med kva dag og stad ein skal ha desse kontordagane og det er lista kven frå kommuneadministrasjonen / politikar som kjem til å vere der. Alle kontordagane vil vere mellom kl 12.00 til 18:00 og det vil i løpet av dei timane vere minimum ein person frå kommunen til stades; ofte vil det vere to.
Rådmannen oppmodar om at desse kontordagane vert nytta aktivt slik at me kan få eit godt grunnlag for å jobbe vidare med kommuneplanen.
Oppdatert liste over kven som møter på kontordagen:
25.aug |
Ytre Haugsdal – grendahuset |
Lovisa Midtbø, rådmann |
|
|
|
|
|
26.aug |
Haugsvær – bedehuset |
Anne Kristin Rafoss, rådgjevar |
|
|
|
|
|
27.aug |
Kvingo – skulehuset |
Lovisa Midtbø, rådmann |
|
|
|
|
|
1.sept |
Mollandseid – skulehuset |
Lovisa Midtbø, rådmann |
|
|
|
|
|
3.sept |
Sleire – skulehuset |
Håkon Matre, ordførar |
|
|
|
|
|
7.sept |
Andvik - bedehuset |
Anne Kristin Rafoss, rådgjevar |
|
|
|
|
|
9.sept |
Solheim – grendahuset |
Anne Kristin Rafoss, rådgjevar |
|
Tekst: Anne Kristin Rafoss
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen