MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.06.10 -

Næringsprisen 2009 til Stordalen Skisenter AS

Publisert 24.08.09

 

Næringsprisen i Masfjorden vart i år delt ut for 2. gong under Kraftspela 2009 på laurdag.  Prisen er eit innramma diplom, ein sjekk pålydande kr 10.000,- og ein blomebukett. I retningslinene for prisen står det m.a. at desse kriteria spesielt skal vektleggjast:

- At verksemda skaper positivt omdøme for Masfjorden
- At verksemda viser evne til nytenking

 

For bilettekst, sjå musepeikar:
Arne Berg tok i mot prisen for skisenteret

Komiteen for tildeling av prisen er samansett av 5 personar:
- 2 personar frå styret i Masfjorden Næringsforum (leiar Frode Langhelle og nestleiar Frode Haugsvær)
- 1 person frå Sparebanken Vest i Knarvik v/næringsavdelinga (Regionbanksjef for Bedriftsmarkedet, Margunn Bjørnestad)
- 1 person frå Avisa Nordhordland v/redaktøren (redaktør Randi Bjørlo)
- 1 person frå Masfjorden kommune (ordførar Håkon Matre)

 

Dei 4 komitemedlemene innstilte etter si vurdering samrøystes og etter det heimespøta diktet vart grunngjevinga nærare presentert..

 

Diktet i år vart slik:

 

Når pris nummer to skal forærast i år
då set me vår fokus på oppvekstvilkår
Å skapa litt glede, begeistring og glød
det er uvurderleg, - ja Jante sin død

 

Dei har teke sjansar dei har fått det til
Det finst ingen grenser når mange nok vil
Det har vore kjekt og ei oppmuntring stor
å sjå kva som veks fram litt lenger der nord

 

For unge og eldre har fått seg ein plass
der alle kan kosa seg utan alt kjas
Kom fram styreleiar for prisen han venter
På dei som i Stordalen driv eit Skisenter

 

Masfjorden næringspris for 2009 vart tildelt Stordalen Skisenter AS, og det er styreleiar Arne Berg som tok i mot.

 

Grunngjeving:

Stordalen Skisenter har med si raske etablering og utvikling, skapt eit populært vintertilbod i Stordalen, for både Masfjordingar og tilreisande. Med stor vekst i besøkstala, frå 4000 vinteren  2008 til 6000 vinteren 2009, samt mykje positiv omtale, har selskapet skapt aktivitet og stor optimisme for utviklinga av Stordalen som utfartsområde.  Stordalen Skisenter AS er eit flott ”fyrtårn” for Masfjorden og bidrar stort til eit positivt omdøme av kommunen.

 

 

 

Tekst: Håkon Matre

Foto: Frode Vee-Haugen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen