Kommunestyret vedtok tysdag 8.12.09 at Masfjorden gards- og ættesoge blir tilrettelagt og gjort tilgjengleg for heimesida til kommunen som ein integrert del av denne.
Bokversjonen av Masfjorden gards- og ættesoge er snart utseld, det er heller ikkje aktuelt å trykka opp nye versjonar av kostnadsmessige grunnar. Det er likevel slik at det framleis er etterspurnad og og stor interesse for gards- og ættesoga.
Masfjorden kommune har den digitale utgåva av Masfjordsoga tilgjengeleg i sin database slik den ligg føre i bokversjonen Masfjordboka Band I og II frå 1995.
Hovudsida vil bli presentert med ein innhaldsoversikt og elles utforma slik at ein kan lenke opp alle gardsnummer frå denne. Det blir også etablert ein eigen søkemotor for heile Masfjordboka. I denne søkefunksjonen vil ein kunne søke opp namn og andre opplysningar. Kor vidt den også skal vera søkbar for eksterne søkemotorar er enno ikkje teke stilling til.
På det einskilde gardsnummer vil ein kunne lenke opp bruksnummer som er knytt opp mot den aktuelle garden. I tillegg kjem innleiingskapitel, namneregister og ordforklaringar. Namneregisteret vil da vera ein oversikt over namn ein kan søke på i søkemotoren. Dette er ikkje digitalisert, slik at ein må omprogrammere.
Ei viktig føremun med å gjera Masfjordsoga tilgjengeleg på heimesida er at den kan gjerast delvis interaktiv. Publikum eller brukaren får oppgjeve ei e-postadresse der dei kan melde inn feil eller oppdateringar til Masfjordsoga. Slik kan brukaren eller publikum sjølv bli ein aktiv bidragsytar til å halda Masfjordsoga mest mogeleg oppdatert. Sannsynlegvis vil det bli lagt ut eit enkelt skjema frå hovudsida som folk kan sende inn.
Me håpar at nettutgåva av Masfjorden gards- og ættesoge kan vere klar for heimesida før påsken 2010. Arbeidet er alt i gang.
Tekst: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen