MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 10.09.09 -

Vakker konsert i Sandnes kyrkje

 

Rune Alver ved flygeletTorsdag 10. september fekk elevane i 5. til 7. klasse i skulane i Masfjorden ei fin konsert-
oppleving. I Sandnes kyrkje heldt pianist Rune Alvær eit program for dei om komponisten Frederyk Chopin, der han dels fortalde litt om livet og lagnaden til komponisten, til tonefylgje av musikken hans. Publikum fekk høyre utdrag av fleire av Chopin sine kjende verk, og musikkeksempla var valde med omhu og på ein måte at tilhøyrarane fekk eit godt innblikk i spennvidda i musikken hans.

 

Det var lett å merke at musikken gjorde inntrykk på elevane. Konserten er eit godt døme på at elevar verdset kvalitet, også når musikksjangeren kanskje ikkje er ev det dei er mest vande med å lytte til. Etter konserten fekk Rune Alvær kraftig og langvarig applaus, og han kvitterte med å spele ein av dei vakraste framføringane av Chopin sitt Regndropepreludium som eg nokon gang har høyrt – det vere seg i konsert eller på plate.

 

Etterpå fekk elevane høve til eit lite ”djupdykk” inn i flygelet si forunderlege verd av blank messing og skinande treverk, og det var også veldig spanande.

 

(Artikkelen held fram under)

Rune Alver og elevane tittar inn i flygelet

 

Etter konserten gjekk turen til kommunehuset der dei blei delt inn i to grupper med orientering av ordføraren og omvisning på kommunehuset i ei økt og guida omvisning i Masfjorden båt- og sjøbrukssamling i den andre. Elevane var delte i grupper på tvers av skulane.

 

 

 

Tekst og foto: Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen