MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 17.12.09 -

Kva skjer i Masfjorden?

 

Info til ungdom om arbeidet med lokalsamfunnsutvikling – livskraftige kommunar

 

Frå opninga av Matre næringspark, "dirtjump" sykkelbane.Det har gått 3 år sidan kommunen gjennomførte spørjeundersøking blant ungdommar i alderen 17-30 år. Sidan då har me kvart år hatt eit møte i romjula der kommunen har informert og der ungdommane har kunna stille spørsmål om fram-drifta på planar og andre tiltak som kommunen arbeider med.

Kommunen er heile tida oppteken av dei sakene de meinte var viktige i spørjeundersøkinga. Denne gongen vel me å informera dykk via heimesida. På den måten vonar me å nå endå fleire enn på eit romjulsmøte.

 

1 Bygging av husvære til sal/utleige
5 husvære på Hosteland står klare til innflytting straks etter årsskiftet. Det er stor interesse for å leiga/kjøpa og det kan vera aktuelt å byggja fleire.
På Duesundøya har utbyggjar lyst ut attraktive bustader for folk i etableringsfasen.
Byggestart for 5 husvære i rekkehus på Sandnes i januar 2010.
Me er i startfasen i eit samarbeid med Statsbygg og BKK om bygging av husvære på Matre. Viss samarbeidet går i orden, kan det truleg bli byggestart i 2010.

 

2 Bustadtomter
Det er framleis ledige tomter på Duesundøy, Haugsvær, Træsdalshaugane, Hosteland aust og i Skolten.

 

Dei fyrste tomtene på Einestrand er selde. Byggestart vinteren 2010.
Klargjering av tomter på Matre.
Avklaring om tomtene på Ervikneset på Sandnes med det fyrste.
Kvingebakken er under utbygging.
Reguleringsarbeid starta i Mjangerslia på Nord-Kvingo.

 

3 Planarbeidet
Reguleringsplanen Matre er vedteken. Mange av dykk har sikkert sett kor fin den grøne næringsparken i Sandgrupo er blitt. Ein arbeider her vidare med planane om veksthus.
Kommuneplanen går sin gang, men har blitt litt forseinka pga nye krav frå statlege styresmakter.

Arbeidsgruppa for lokalsamfunnsutvikling Sandnes har hatt fokus på bustadtomter og husvære i år. Dessutan har ein arbeidd med å finna serviceareal og har i det siste vore oppteken med trafikksikring og utsmykking/tilrettelegging for aktivitetar.

 

Arbeidsgruppa for lokalsamfunnsutvikling Hosteland har arbeidd mest med arealdisponering, særleg med tanke på næringsareal med utgangspunkt i planutkast frå Norconsult.

 

4 Samferdsel
Det har i løpet av året vore synfaring og møte med Statens Vegvesen for utbetring av einskilde punkt både på rv 570 og E39, like eins trafikksikring langs rv 570 på Sandnes. Konkret framdriftsplan for utbetringstiltaka ligg enno ikkje føre. Nedsett fartsgrense på ei strekning på E-39 over Haugsvær vil bli sett i verk i 2010.

 

Fylkesvegen til Stordalen vil bli utbetra i 2010. Kommunestyret har hatt oppe spørsmål om gratisferje og fleire avgangar utan at ein har kome noko vidare enno, men det vert arbeidd med saka.

 

5 Ungdom og kultur
Kraftspela er ein møteplass for ungdom. Det satsar me på at det skal vera framover også. Me er elles opptekne av å støtta kulturtiltak i nærmiljøet. Kommunen har sett av eit kulturfond på 1 mill. Avkastninga av dette kan m.a brukast til underskotsgaranti for lag som satsar på å få anerkjente artistar hit. Det kan og brukast til å leiga inn profesjonelle utøvarar som inspiratorar innan song, musikk, teater, dans og andre kunstformer.

 

Motbakkeløpet SLEIRSFJELLET OPP vart avvikla i 2009 for første gong i samarbeid med Kraftspela. I 2010 skal arrangementet vera den 19 juni.

 

Sommarscena på Sandnes er eit av dei arrangementa som er i ferd med å finna si form. Frå fleire kantar har det i den seinare tid blitt teke kontakt med oss med tanke på å få til ein masfjordrevy etter gammalt. Me vil ta tak i det etter nyttår.

 

Stordalen Skisenter har vorte ein viktig møteplass og er under stadig utvikling. Av andre anlegg for idrett og friluftsliv kan nemnast klubbhuset på idrettsbana på Hosteland som vart teke i bruk sist sommar, Frøysetvågen skyttarlag si bane i Ytre Haugsdal som er ferdig, og miniatyrskytebana til Fjon skyttarlag som har fått elektroniske skiver og er klar til opning kanskje alt før jul. Turkarta for Masfjorden er nettopp kome i handelen. Alt dette er anlegg som har kome i stand med hjelp av kommunale midlar, spelemidlar, dugnad og tilskot frå laga.

 

Planen for idrett og fysisk aktivitet vart rullert i kommunestyremøtet 8. desember. I budsjettet for 2010 er det sett av midlar til eit forprosjekt for fleirbrukshall.

 

6 Arbeidsplassar
Masfjorden Næringsforum er interesseorganisasjon for eksisterande bedrifter i Masfjorden. Du kan finna ut meir om næringsforumet ved å gå inn på www.naeringsforum.org
GMU AS (Gulen og Masfjorden Utvikling AS) er eit utviklingsselskap for næringslivet i Gulen og Masfjorden. Medeigarar er Gulen og Masfjorden kommunar, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og SIVA. Du kan lesa meir ved å gå inn på www.gmu.no

 

Rådmann og fungerande ordførar har i haust vore til Oslo og fremja saka om folkehøgskule for stortingspolitikarane. Det blir spennande å sjå om det blir noko resultat av dette arbeidet.

 

7 Folketalsutvikling
Folketalet i Masfjorden pr. 31.10.2009 er 1637.
Til 1. oktober var det fødd 11 born. 10 personar er døde. 42 har flytta inn og 58 flytta ut. Me har altså så langt ikkje klart å snu utviklinga, sjølv om det har vore ein liten auke i folketalet sidan 2006. Utflyttinga er for stor i høve til talet på dei som flyttar inn. Dersom du har tankar om å flytta heim til Masfjorden, er det gjerne på tide å realisera den draumen.

 

Har du elles innspel til kva me kan gjera for å gjera Masfjorden til ein endå betre plass å bu, må du gjerne ta kontakt for å presentera ideane dine.

 

 

 

Tekst: Alf Strand. Rådgjevar for oppvekst og kultur
Foto: Frode Vee-Haugen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen