MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 01.07.09 -

Flotte kulturskulekonsertar

 

Stemninga var god og temperaturen høg då kulturskuleelevane fekk presentert seg på heimebane i konsertveka. På rekkje og rad vart det arrangert konsertar på Matre, Nordbygda og Sandnes, i skuletida.

 

Det er tydeleg at elevane har jobba godt i haust, for her var me vitne til flotte framføringar på løpande band. Eit stort og godt publikum tok imot debutantar og dei meir vidarekomne på entusiastisk vis. På Sandnes-konserten stilte teiknegruppa ut litt av det dei har produsert så langt i haust.

 

På konsertdagen var alle aktørane gjennom lydprøvar på førehand, slik at dei skulle vera godt rusta
til å innta scena i møte med publikum seinare på dagen. Det er ikkje tvil om at akkurat dette var med på å heva kvaliteten på framføringane, og gjorde sitt til at aktørane kjende seg endå tryggare på det dei skulle framføra.

 

Det nærmar seg jul, og med det konsertar og samlingar av ymse slag. Me kjem ganske sikkert til å få høyra mange av elevane i aksjon i tida framover.

 

For tekst, hald musepeikar over bileta

Trommedebutant Anders Emil

 

Konsentrert gitarist

Gitaristar i The future

 

Band er inn i Indrefjorden

 

Down in flames

Torstein er einaste elev på torader

 

Katja, Maria og Vilde finpussar En natt forbi. Lærar er Anne Merethe.

Publikum lyttar

 

 

 

Tekst og foto: Frank Kvinge

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen