MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 24.08.09 -

Kulturprisen 2009 til Olaf og Ragnar Sleire

Publisert 24.08.09

 

For bilettekst: Sjå musepeikaren

Kulturprisvinnarane Olaf (t.h.) og Ragnar (t.v.) med ordføraren lengst til venstreKulturprisen vart i år delt ut for 22. gong under Krafspela 2009 på laurdag.  Prisen er eit innramma diplom, ein sjekk pålydande kr 10.000,- og ein blomebukett.

 

Både lag, organisasjonar og einskildpersonar er invitert til å koma med framlegg, og juryen står fritt til å fremja kandidatar gjennom si handsaming.

 

Ein kan koma med framlegg på kandidatar til kulturprisen heile året

 

Formannskapet er jury for kulturprisen, og tildelinga for 2009 vart gjort gjennom eit samrøystes vedtak 12. august, - eit vedtak som har vore unntatt offentlegheit fram til i kveld.

 

I år er det kulturminneåret, noko juryen har vore spesielt merksame på og tatt med i vurderinga.  Vinnaren, eller rettare sagt vinnarane, har gjennom sin veremåte og sin innsats basert på tradisjon, omtanke og kulturvern, heilt fram til i dag vist omverda korleis våre forfedrar her i Masfjorden levde sin kvardag gjennom året.

 

Namnet skal, som det er blitt tradisjon, avslørast gjennom eit lite, lokalt produsert dikt, og etterpå vert det annonsert ein programpost som ikkje står i det offisielle programmet, men som sterkt kan anbefalast:

 

Kulturprisen bør ha eit høveleg dikt
Men tør eg, som slett ikkje balar med slikt
Ja, i år når me feirar kulturminneåret
så må eg nok prøva å dra meg i håret

 

For i år skal me spesielt handsama vel
dei som vernar om det som har vara eit bel
Har verna om landskap og arbeidsform
og vist oss alle det som ein gong var norm

 

Ja, juryen dei vart sjarmerte i senk
av TV-programmet frå Masfjorden, - tenk
At verda fekk sjå korleis eingong det var
med strevsame dagar på fedranes gard

 

No er det på tide å koma med namna
på dei som i år her på scena vil hamna
for prisen å motta, - ja no vil me feire
- Olaf og Ragnar med etternamn Sleire

 

Olaf og Ragnar Sleire er tildelt kulturprisen for kulturminneåret 2009 for arbeidet med tradisjonell landbruksdrift og å ivareta kulturlandskapet med tradisjonelle metodar.

 

Det er i programserien Faktor på NRK vist ein film om Olaf og Ragnar med tittelen ”Odelsgutane”.  Den har gått to gongar og blei også vist på nytt i Kinosalen etter prissermoniane. Olaf og Ragnar var også tilstades der. Gratulerer med prisen!

 

Du kan lesa meir om kulturpristildelinga på strilen.no

 

 

Tekst: Håkon Matre

Foto: Frode Vee-Haugen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen