20. november hadde pleie og omsorg felles julemiddag i Nordbygda samfunnshus. Samstundes vart to kollegaer heidra - Reidun Kvamsdal og Kirsten Øpstad, begge tidlegare avdelingsleiarar som i mange år har ytt stor innsats for kommunen. Juletradisjonar og heidersord var ein fin kombinasjon, og heile arrangementet let seg gjennomføra ved at kollegaer laga mat, dekka bordet, overrekte gåver og sto for underhaldning. Under julemiddagen fekk festlyden også besøk av to eldre sambygdingar som hadde sitt å seia om både kvarandre og dei to heidersgjestane. Det var eit festleg og humørfylt innslag.
Fungerande ordførar Kari Skår Sørheim og rådmann Lovisa Midtbø takka på vegne av kommunen dei avtroppande avdelingsleiarane for flott innsats, og retta samstundes ein stor takk til alle tilsette i pleie og omsorgstenesta i Masfjorden for stor innsats og godt arbeid.

Tekst: Jane Britt Daae
Foto: Tove Kristin Sleire Tistel
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen