
Fungerande ordførar Kari Sørheim(t.v.), leiar av frivilligsentalen Dag Haarklau og prisvinnar Edbjørg Mjanger(t.h.)
Søndag 20.desember vart Eldbjørg Mjanger tildelt Frivilligprisen 2009. Sjølve utdelinga var i etterkant av gudstenesta i Granneheimen. Eldbjørg fekk prisen for langvarig engasjement i søndagsskule, barneforeining, fråhaldslag og styreverv i diverse frivillige organisasjonar. Eldbjørg er også ofte på farten for å besøkja gamle og sjuke eller andre som synest det er kjekt å få besøk.
Det var leiar i styret for Frivilligsentralen, Dag Haarklau, som innleia prisutdelinga med å minna om statuttane for Frivilligprisen. Der heiter det: ”Prisen skal gjevast til ein initiativrik person som med sine idear og/eller handlingar har betra trivsel og livskvalitet for andre. Det skal vera ein person som med sine idear og sitt pågangsmot har medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn. Innsatsen som vert gjort må vera på frivillig basis, anten gjennom frivillige organisasjonar eller som tenester ut frå personleg initiativ.”
Sjølve utdelinga var det fungerande ordførar, Kari Sørheim, som stod for.
Tekst: Gunvor Fyllingsnes
Foto: Knut Fr. Sørheim
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen