MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.09.09 -

Dokumentasjonsprosjekt i Kvamsdals fargeri

 

For bildetekst, sjå musepeikaren:

Anette registrerer bunadslivLivet til denne bunaden har tilhøyrt Aslaug Kvamsdal, dottera til grunnleggjaren av fargeriet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter ein fin sommarsesong med utstillingar og forskjellige arrangement i museumssamlingane på Sandnes er det tid for anna arbeid no i haustmånadane.

 

2008 mottok kommunen støtte frå Norsk kulturråd og Hordaland fylkeskommune til å dokumentera maskiner og produkt frå Kvamsdals fargeri. Det aller meste av interiøret i fargeriet er intakt. Historia og sjølve fargingsprosessen er godt dokumentert gjennom bok og film, laga av Rolf Kvamsdal, soneson til grunnleggjaren av fargeriet. Når det gjeld maskiner, lause gjenstandar (t.d. bøker, notatar, verkty) og produkt eller tekstilar som har vorte farga i fargeriet har det ikkje tidlegare vore gjort noko systematisk arbeid. 

 

Prosjektet er på tre månadsverk og vert gjennomført av Arne Høyland og Anette Thorsheim. Av oppgåvene kan me nemna: Reingjering av gjenstandar (støvsuging o.l.). Merka gjenstandar med nummer og fargeriet sin museumssignatur. Fotografering av alle gjenstandane. Fotonummer, oppmåling, bruk av gjenstanden osb vert ført inn i eit registreringsskjema. Kommunen har enno ikkje tilgang på det programmet som er mest nytta til registrering i museumsverda, men me har eit system slik at me lett kan overføra opplysningane til dette systemet seinare. Vidare skal me setja oss inn i anna dokumentasjon frå fargeriet, brev og notatar, t.d. frå handelsmenn rundt om i distriktet som formidla fargestoff og tenester frå fargeriet. Truleg samla dei opp tøy som skulle til farging, t.d. hjå handelsmannen på Myking, slik at dei kunne senda alt frå bygda samla. Handelsmannen fekk sjølvsagt provisjon.

 

Trykkblokk frå Kvamsdals fargeriMe ynskjer også å koma i kontakt med personar som kanskje har gamalt tøy eller klede som er farga i Kvamsdals fargeri, eller som veit om nokon som har det, slik at me kan registrera mest mogleg av produkt som har vore innom fargeriet. I tillegg ynskjer me å intervjua personar som har historier å fortelja om fargeriet og fargarane. Dette er kunnskapar som vil gå tapt om ikkje dei som veit fortel det vidare.

 

Museumssenteret i Salhus vil gje opplæring og fylgja opp arbeidet for å sikra at det vert utført etter museumsfagleg standard. Ta gjerne kontakt med Arne Høyland, tel 47 65 05 24, eller Anette Thorsheim, tel 906 88 976, dersom du har opplysningar som kan hjelpa oss i arbeidet.

 

 

 

Tekst og foto: Anette Thorsheim

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen