MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.10.09 -

Informasjon om bustønad

 

NAV-logo

 

Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning som vert administrert av Husbanken og kommunen.  Stønadsordninga er for dei som har høge buutgifter og lave inntekter.

 

Alle som har fylte 18 år kan søkja bustønad med mindre du eller ein i husstanden avtjener førstegongsteneste eller er student utan born. Personar utan born som studerer som ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering, t.d. yrkesretta attføring, kan òg søkja bustønad. Foreldre som bur saman med barn som studerer, misser ikkje retten til bustønad.

 

Bustaden du søkjer bustønad for, må vera ein godkjend heilårsbustad. Det må som hovudregel vera ein sjølvstendig bustad med eigen inngang, bad/toalett og kjøkkenfunksjon.

 

Det er fastsett øvre inntektsgrenser for husstanden, avhengig av bl.a. talet på husstandsmedlemer. Dette betyr at same kor høge buutgifter husstanden din måtte ha, vil du ikkje få bustønad dersom inntekta er over øvre inntektsgrense.

 

For å søkja bustønad ta kontakt med NAV Masfjorden, sosialtenesta på telefon 47 45 21 71 for spørsmål og få tilsendt søknadskjema. Du finn òg søknadskjema på Husbankens internettsider husbanken.no.

 

Søknadsfrist er den 14. i kvar månad og søknaden sender du til NAV Masfjorden,  postboks 14, 5987 Hosteland.

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen