MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.10.10 -

Sommarkurs i brikkevev

- Publisert 1.07.09

 

To ivrige deltakarar på kursetI desse dagar arrangerer Nordhordland Husflidslag og Masfjorden kommune sommarkurs i brikkevev på Sandnes. 7 damer sit oppbundne og konsentrerte i dei små “vevane” sine på kommune-
huset. Dei lærer seg grunnleggjande teknikk, mønstergrunn, og utvikling av eigne mønster til ferdige produkt.

 

Sonja Berlin, tekstilkunstnar og brikkevevar - som hadde utstilling i Kvamsdals fargeri i fjor - er kursleiar.

 

 

 

Band og beltevevVeving med brikker er ein eldgamal teknikk, i Noreg er det gjort funn tilbake til 200-300-talet. Vevinga har mange moglegheiter til fornying og utvikling av teknikk og produkt – både i si enklaste form og i avanserte og kompliserte former. Brikker med ulike antal hol er reiskapane der ”varpen” vert tredd gjennom, og saman med innslag vert det danna ein vev. Tradisjonelt har ein vove band til ulike drakter som bunadar o.l. Sonja Berlin har utvikla teknikken frå band- og beltevev til kunstvev i ulike former.
Sjå www.sonjaberlin.com.

 

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Anette Thorsheim

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen