MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 17.09.09 -

Drift i god økonomisk balanse


Last ned rapport:
Last ned tertialrapporten her (pdf-versjon)Driftsrekneskapen pr. 2. tertial viser ei drift i god økonomisk balanse. Netto driftsresultat syner eit overskot på 15,3 mill.kr. (11,7 mill.kr. i 2008).

 

Det var i opphavleg budsjett budsjettert med netto driftsresultat på 3 mill.kr. Dette vart auka opp ved saldert budsjett til eit netto driftsresultat på 5 mill.kr., noko som tilseier eit netto driftsresultat litt over målet og normen på 3%. Prognose for årsresultat for 2009 tilseier eit netto driftsresultat på 10 mill.kr. Vesentleg på grunn av reduserte rentekostnader og meiravkastning av plasserte midlar i aksjar, obligasjonar etc.

 

Ein tilrår at resultatet vert nytta til å finansiere investeringar og ei avsetjing på 3 mill.kr. med tanke på neste års budsjett og redusert kraftpris. Kraftprisen har gått ned etter at rammesaka vart handsama og godkjent i juni. Dette medfører mindre inntekt i 2010 budsjettet, spesielt konsesjonskraft.

 

Bokførde investeringane pr. 2.tertial er på 11,5 mill.kr. av eit totalbudsjett 2009 på 35,8 mill.kr. Samla sett er prosjekta innafor budsjett med mindre unntak som kommentert i saksutgreiinga til 2.tertialrapport.

 

 

 

Tekst: Svein Helge Hofslundsengen

Illustrasjon: Mary Hope

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen