Publisert 27.01.09
Hald musepeikar over bilete for tekst

På oppdrag av kommunestyret har ei nemnd gjennomgått det kommunale vegnettet med tanke på å lokalisere vegstrekningar som i dag ikkje lenger har funksjon som kommunal veg. Formannskapet handsama saka i møte den 16.09.08 og rådmannen fekk ansvaret for å gjera framlegget kjent gjennom ei brei høyring.
Høyringsfristen for merknader til ny status for kommunale vegar gjekk ut den 20. januar. Det har vore eit stort engasjement i saka. Det har kome inn 18 merknader og innspel. Dei fleste protesterar på at den kommunale vegen dei er knytt opp mot skal tilbakeførast til privat veg.
Mange av merknadane har fleire underskrivarar og samlege har vore kritiske til ein eller fleire framlegg. Protesten mot forslaget om å gjera vegen til Byrkjeland om til privat veg er for eksempel underskrive av 21 oppsitjarar. Partia Venstre og Arbeidarpartiet har kome med eigne merknader. Fleire innspel er også kritiske til at det ikkje har vore klarlagt kva for vilkår som skal leggast til grunn for omklassifiseringa og kva slags vegstandard som skal leggast til grunn på overføringstidspunktet. Det har også vore reist spørsmål om kvifor enkelte vegstrekningar skal leverast tilbake til oppsitjarane, når kommunen framleis skal ha ansvar for brøyting og vedlikehald. Vidare er det etterlyst betre grunngjeving for plassering av vegstrekningane i fire ulike grupper.
Ordføraren opplyser at administrasjonen vil jobba seriøst med alle innspela og oppsummera desse i ei endeleg saksutgreiing. Saka kjem neppe opptil endeleg handsaming før seint på våren eller tidleg på sommaren 2009.
Tekst: Frode Vee-Haugen
Foto: Kommunen sitt arkiv
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen