MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

- Den forbaska trappa!

Publisert 27.03.09

 

Pensjonist Ole og småbarnsmor Anne bur i same hus. Ole er skral til beins og har problem med bratte trapper, smale dører, små bad og høge tersklar. Dessutan ser og hører han dårlig.

 

Anne sliter med de same fysiske hindringar som Ole på grunn av små barn/barnevogn. Ho er i tillegg allergikar og reagerer på fukt og mugg.

 

Mange kan kjenne seg att i Ole og Anne sine problem. Derfor arbeider ein no for å gjere bustader meir tilgjengelige og brukbare for menneske med ulik alder og funksjonsevne. Denne nye tenkemåten blir kalla universell utforming. Dette handlar ikkje om å legge spesielt til rette for funksjonshemma, men om å gjere bustaden brukbar for alle, også for personar som er rørslehemma, har nedsett syn, hørsel eller allergi. Den godt utforma bustaden tar omsyn til desse skilnadene og er bygd slik at flest mogleg kan bu der lenge utan spesielle vanskar.

 

Krykkjer i trappLivsløpsstandard ikkje nok
Pensjonist Ole har budd lenge i leilegheita si, men har dei siste åra sett seg om etter ein bustad med livsløpsstandard. Slike bustader vart introdusert i Noreg på 1980-tallet, og skulle på ein enkel måte kunne tilpassast  rullestolbrukarar. Ole trenger ikkje rullestol, men har likevel behov for ein universelt utforma bustad med meir praktiske bustadkvalitetar som trinnfri tilkomst og ingen unødvendige tersklar. Badet bør vere romsleg med plass til ein stol (krakk) og golvet sklisikkert. Helst skulle nokre av stikkontaktane ha vore plassert slik at han ikkje må bøye seg heilt ned til golvlista, fordi han lett blir svimmel.

 

Dei enkle løysingane
Mens Anne står framfor den bratte trappa til inngangsdøra har ho ofte tenkt: Korleis kan det ha seg at garasjar alltid har hatt terskelfri inngang, medan inngangspartiet til bustaden ikkje har det! No som ho har senebetennelse i armen og sonen har brekt foten, hadde det vore svært praktisk med for eksempel automatisk døropnar og eittgreps blandebatteri på kjøkken og bad.

 

- Det er jammen bra at huset har godt inneklima takka vere miljøvennlege og sunne materiale, så eg ikkje får astma- og allergi, tenker hun.

 

Vinn ein iPod Touch
Husbanken og Statens bygningstekniske etat gjennomfører no ein kampanje om universelt utforma bustader og uteareal. På nettsida www.dinfeil.no, finn du konkurransar, filmar og fakta om emnet. Ta til dømes uu-sjekken: Kor universelt utforma er heimen? Her kan du vinne ein iPod Touch. Samtidig får du nyttige bustadtips dersom du skal kjøpe leilegheit, byggje nytt eller rehabilitere bustaden.

 

”Nødvendig for noen, nyttig for alle”

Gjennom slagordet ”nødvendig for noen, nyttig for alle” blir dagens bustader og uteareal no utforma slik at flest mogleg skal kunne bruke dei. Dersom man fjernar trappa til fordel for eit trinnfritt inngangsparti, forenklar ein tilkomsten for rørslehemma. Då blir det samtidig enklare for alle andre også. Ein universelt utforma bustad har kvalitetar som gjer at den kan brukast av fleire.

 

 

 

Tekst: Odd Bjørn Solberg, Husbanken Region vest, tlf 55 30 66 14

Foto: Husbanken Region vest

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen