Publisert 27.01.09

Søndag var ungdom frå Nordhordlandskommunane samla til Ungdommens kulturmønstring i Austrheim samfunnshus. Her varta dei rundt 100 deltakarane opp med song og musikk, dans, trylling og kunstutstilling. Og at det er mange talent rundt om i kommunane er det ikkje tvil om!
Frå Masfjorden deltok rockebandet Down in Flames og trioen VIMS. Begge gruppene framførte sine program på imponerande vis, og var blant dei som vart sendt vidare til Fylkesmønstringa i Grieghallen 18. og 19.april.
Down in Flames spelte fengande rock med låtar av Twisted sisters og Black Sabbath. Bandet er samansett av Magnus Sleire( gitar&vokal), Ådne Matre Andersen( gitar), Marius Fredriksen( bass) og Hans Andreas Torsvik ( trommer). Med ein flott kombinasjon av kvalitet, trøkk og ungdommeleg sjarm tok dei salen med storm, og fekk verkeleg temperaturen opp blant publikum.
VIMS, beståande av Vigdis Andvik( kornett), Marte Kvamme Andersen( song), og Siri Andvik ( piano), framførte ein aldeles nydeleg versjon av balladen You raise me up for eit lydhørt publikum. Blant mange innslag utmerka dei seg med godt og stødig samspel, og dei vart belønna med lang og hjarteleg applaus frå den fullsette salen.
Det skal bli spanande å følgja desse talentfulle og ivrige ungdommane vidare, og me ønskjer dei lukke til på Fylkesmønstringa i april. Så håpar me at det blir endå fleire ungdommar frå Masfjorden som melder seg på til neste års kulturmønstring.

Tekst: Frank Kvinge
Foto: Synne Kristin Søvde Holmaas
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen