MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 19.11.09 -

Spennande testløp!

Publisert 9.06.09

 

For bilettekst, sjå musepeikar:

Ved varden på Sleirsfjellet: Bak Marius Fredriksen, Alise Nordvang,framfor: Malin Wergeland, Adrian Andvik, og Maja Molland Søvik fremst

 

Fredag 5. juni gjekk testløpet for motbakkeløpet ”Sleirsfjellet opp”. God deltaking og gjennomføring gjer at ein no er langt på veg i førebuingane. ”Sleirsfjellet opp” er det første motbakkeløpet i distriktet. Løpet går 16. august og er ein del av Kraftspela i Masfjorden.

 

Her kan du lesa testløpresultatet

 

Mange til topps
Mariann Opdal – sprang opp på Sleirsfjellet på 34 min og 50 sek!

41 personar brukte fredagsettermiddagen til å teste løype og form. Gode prestasjonar vart vist både frå liten og stor. Vidar Sleire Tistel fekk beste tid med 27 min 29 sek. 12. årige Lasse Virkesdal vart nummer 2 med ei knallgod tid på 32 min 11 sek. Beste kvinne vart Mariann Oppdal med tida 34 min 50 sek. Løypa er 3,3 km og oppstigninga er drøye 500 meter. Målet er ved varden på Sleirsfjellet og det var mange fornøyde deltakarar å sjå. For Oddrun Kvamsdal var det første gong opp på Sleirsfjellet. ”Eg hadde så lyst å sjå korleis det var her oppe på Sleirsfjellet, og utsikta er heilt fantastisk”. Andre deltakarar hadde vore fleire turar før og søkte nye personlege rekordar.

 

Motbakkeløp 16. august

Malin Wergeland og Alise Nordvang sjekker kor nærmt nestemann erArrangørane ønskjer både aktive løparar og vanlege turgåarar, born og vaksne velkommen i august. Påmeldinga vil starte i juli og vil verte kunngjort på heimesidene til Masfjorden kommune. Ein vil då kunne melde seg på i aldersbestemte klassar med tidtaking eller open klasse uten tidtaking. Hovudpremien på kr 5000,- vert trekt på startnummeret blant alle deltakarane uansett klasse. I tillegg vil alle deltakarane få t-skjorte og vere med i trekning om fleire premiar. For vinnarane i aldersbestemte klassar vert det premiering. Lokale bedrifter sponser arrangementet. I tillegg vert det investert i stor dugnadsinnsats frå kring tjue funksjonærar. Leiaren i Risnes Idrettslag, Elin Astrid Borge, fortel at motbakkeløpet er vorte så positivt motteke. Ho er godt fornøgd med testløpet og ser fram til eit spennande arrangement i august.

 

 

 

Tekst: Jane Britt Daae

Foto: Jane Britt Daae, Elida Sleire Tenjum og Nelly Nordvang

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen