MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Bra resultat for 1. tertial, forventa balanse ved årsslutt

Publisert 20.05.09

 

Last ned 1. tertialrapport for 2009Rekneskapen pr. 1. tertial viser ei drift i god økonomisk balanse, med eit brutto driftsresultat på 7,7 mill.kr. (ned frå 9,4 mill.kr. i fjor) og eit netto driftsresultat med overskot på 8,6 mill.kr. (10 mill.kr. i 08). Det var i opphavleg og saldert budsjett budsjettert med netto driftsresultat på 3 mill.kr., som tilseier eit netto driftsresultat på om lag 2,1% og under målet/normen på 3%. Felles for alle driftsområda er at reguleringspremie pensjon først kjem i siste tertial. Generelt sett ein større del av inntektene i 1.tertial som gjer at driftsresultat vert høgare enn forventa årsresultat.

 

Ut i frå budsjettsalderingssaka legg ein til grunn eit rekneskapsresultat i 0 pr. 31.12.09, og knappare økonomiske forhold i 2009 enn for eksempel i 2008. Ut i frå føringane og konsekvensane av det nye inntektssystemet frå og med 2009, ser ein ikkje grunnlag for å auke netto driftsresultat i salderingssaka utover dei 3 mill.kr. som ein hadde i opphavleg budsjett. Skattesvikten i april skapar i tillegg usikkerheit i høve til korleis frie inntekter utviklar seg samla på årsbasis. Staten la opp til vekst på 5,4% noko som er auka ytterlegare i revidert nasjonalbudsjett, medan vi allereie i april opplever nedgang i høve til 2008. Når me i tillegg har eit omfattande investeringsbudsjett for 2009, skal ein arbeide hardt med økonomien for å komme ut med balanse i 2009.

 

Her kan du lasta ned heile tertialrapporten



 

Tekst: Svein Helge Hofslundsengen

Illustrasjon: Mary Hope

 



Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen